Vårmarknad

Veteraner varmarknad

19. mai 2017

Velkommen til Telemarks største skattekammer 19.-20. mai

Det fyrste eigne arrangementet på plassen i 2017 er Vårmarknaden, som vert arrangera 19. - 20. mai.
Vårmarknaden på Dyrskuplassen i Seljord er staden å gå om du er på leit etter antikvitetar, motordelar til den gamle bilen din, eller om du er på utkikk etter noko heilt spesielt. Her kan du finne alt du treng - og litt til. 

Med veteranvognutstillingar, sal av gamle skattar og ein rekke andre aktivitetar, er dette ein flott arena for både store og små. Plassen blir fylt opp av nær 250 utstillarar som sel ting for ein rimeleg penge. Her kan du gå på skattejakt og gjere eit skikkeleg kupp om du er heldig!

Les meir om Vårmarknaden 2017 her.