Familieoppleving pÅ Dyrsku'n

Husdyr er ein stor del av sjela til Dyrsku’n, og dyras rolle i norsk landbrukshistorie står i sentrum for mange av aktivitetane på messa. Her kan store og små helse på dyr i ulike situasjonar – på Sterke Nils-tunet, i Husdyrhallen, på Ridebanen eller i Fjoset.

Det blir husdyrutstilling, kåringar, kurs og mykje anna spennande å sjå og lære.

Dyrsku’n er ei oppleving for heile familien, og dyra er til glede for både vaksne og born. På Sterke Nils-tunet møter du for eksempel dyra i eit gamalt gardsmiljø, der fòring og mjølking skjer på gamlemåten. I Husdyrhallen møter du dyra i eit moderne fjøs, med alt frå store seminoksar til små kyllingar. Det blir arrangert aktiviteter på alle plasser der gjestene aktivt får delta og lære ulike teknikkar og kunster i samband med dyr og landbruk. Kva med å fylgje matproduksjonen frå fjøs til bord? Å lære korleis det blir ysta ost og kinna smør? Alle born får moglegheit til å vere med i prosessen. 

kyr og kalvar, oksar, hestar og ponnier

Kort fortalt kan du møte alt frå kyr og kalvar, oksar, hestar og ponnier, høner og kyllingar, geiter og kje, gris, bier, kaninar, lama og alpakka, pelsdyr og sauer. Ynskjer man av ein eller anna grunn ei lita pause frå dyra, kan borna ha det morosamt på tivoli, i leikeparken, på matkurs eller på tredreie-verkstaden. 

Vi på Dyrsku’n ynskjer alle familiar velkommen til å lære meir om kvar maten vår kjem frå, og kor avgjerande dyra har vore for norsk landbruk. Er du fortsatt usikker på bandet mellom Dyrsku’n og dyr? For å stoppe ein kvar tvil om relasjonen – sjølvaste dronninga av Dyrsku’n er ei ku

Ynskjer du meir informasjon om Dyrsku’n, sjå her. 

Ynskjer du å motta spennande nyheiter og oppdateringar frå Dyrsku’n, meld deg på vårt nyheitsbrev