HUSFLID

Husflidstevlinga og -utstillinga er eit samarbeid med Norges Husflidslag, og har som siktemål å syne fram og stimulere det fantastiske mangfaldet næringa har å by på. For dei som er interesserte både i nyskapande og i tradisjonell husflid er dette årets høgdepunkt. Her er det mykje vakkert handverk å sjå på! Ynskjer du å delta i husflidstevlinga eller å stille ut husflidsprodukta dine på Dyrsku'n? Sjå meir under "For utstillar" på den svarte linja over.