Om Seljord

Seljord kommune ligg rett i smørauget, midt i mellom aust og vest i Sør-Noreg.

Seljord sentrum er eit trafikknutepunkt med bussekspressar som syter for god kommunikasjon med t.d. Oslo, Bergen, Grenland og Torp flyplass. Seljord er handelssenteret i Vest-Telemark, og du finn det meste du treng her utan å reise ut av bygda.  For dei aktive er det uendeleg med moglegheiter i kommunen; fisking, turvegar i både flatt og bratt terreng – kva med å ha eit flyvrak på dei høgaste fjelltoppane i kommunen som mål for turen? 

Seljord er kjent for sine rike kulturelle røter og kan by på utstillingar, galleri, skulpturlandskap og kulturminner som strekk seg heilt tilbake til bronsealderen. I tillegg til eit pulserande liv med festivalar og store landstreff på Dyrskuplassen om sommaren, er Seljord kjent for sjøormen sin langt utover fylkets grenser. Det har kome inn mange observasjonar på eitt eller fleire vesen, og rundt heile Seljordsvatnet er det sett opp utkikkspunkt der du kan speide etter krusingar i vatnet. Det høgaste utkikkstårnet er Sjøormtårnet på Bjørgeøyane, ein 17 meter høg arkitektonisk perle som har fått heiderleg omtale verda rundt. 

La deg engasjere og inspirere med eit besøk til kommunen vår!