For deg som er utstillar

Datoen for Dyrsku'n i Seljord i 2017 er 8. - 10. september! Som møteplass, handelsplass, fesjå, fagleg arena og kulturformidlar har Dyrsku'n betydd mykje for tusenvis sidan oppstarten i 1866. 

Kva er hemmelegheita? Stein Ørnhøi sa i 1994 at "Kanskje det rett og slett skyldes at Dyrsku'n er ekte? Dyrsku'n er et under, og dit drar alle". I dag er marknaden landets største landbruks- og handelsmesse, som samlar over 90 000 besøkande og 740 utstillarar årleg dei tre dagane i september. 
Vi er svært fornøgde med at utstillarar kjem tilbake år etter år. Det tek vi som eit teikn på at deltaking på Dyrsku'n lønner seg, og at det er ein triveleg stad å vere.

5 gode grunnar til å vere utstillar på Dyrsku'n:
1. Møte og skape dialog med nye og eksisterande kundar
2. 85% fekk inngått dei avtalene dei ynskte under fjorårets marknad
3. 9 av 10 handlar på Dyrsku' n
4. Over 80% av utstillarane kjem tilbake år etter år, og over 90% av utstillarane er fornøgd med gjennomføringa av arrangementet
5. Det vert omsett for over 500 millionar på Dyrskuplassen dei tre Dyrsku-dagane

Viktig informasjon for deg som utstillar på dyrsku'n