Grillkveld på Dyrskuplassen 25. mai
Storstogo servering inviterar alle sykkelheltar frå Kanalrittet, og andre heltar, til grillkveld og musikk ved Remi Perdersen
Laurdag 25. mai kl. 18.00
Grillbufe kr 250,-
Påmelding til Thomas Falck tlf 909 22 337 innan fredag 24. mai kl 18.00
|
 |
Trekning av billettar til Dyrsku'n
Me har trekt ut følgende vinnarar til inngangsbillett på Dyrsku'n 2013:
Arne E. Lindanger
Anne Venke Skogen
Bjørn Evensen
Else Brit Helland
Tove Bredesen
Grete Venås
Vinnarane er kontakta, og billett vert sendt i posten.
Me sjåast på Dyrsku'n!
|
 |
Vinnarar Seljord RC-klubb
Under årets Vårmarknad var det køyring og konkurransar i Hall B i regi av Seljord RC-klubb.
Det var 3 prisar som vart utdela kvar dag, og vinnarane er:
Fredag:
Publikumsprisen: Jan-Ivar Moen
Beste drifterunde: Tom Magnushommen
Beste rundetid: Asle Oppsund
Laurdag:
Publikumsprisen: Vemund Veting
Beste drifterunde: Noah Kasin
Beste rundetid: Tom Magnushommen
Seljord RC-klubb og Dyrsku'n Arrangement AS gratulerer vinnarane!
|
 |
 Scania vabis på transporthistorisk utstilling | |
Våt, men vellukka Vårmarknad
Laurdag på Vårmarknaden samla 3640 så langt, dette talet vil stige ettersom det er venta fleire hundre på konserten med Morten Abel i Ridehallen laurdag kveld. Vårmarknaden 2013 vil skrive seg inn i historia som ein våt, men vellukka marknad med eit totalt besøkstal berekna til godt og vel 6000.
Les meir
|
 |
Vel 2000 besøkande på Vårmarknaden
Vårmarknaden samla i alt 2150 på sin fyrste dag, det er eit godt besøkstal, været tatt i betraktning. På hittegodsauksjonen selte Lensmannen ut smitt og smule og mange fekk kjøpt seg brukbare syklar til gje bort pris. I morgon er det den store motordagen, med veteranbilutstilling og motorshow med drifting, trail og crosskøyring. Metrologane melder om opphaldsvær til utpå ettermiddagen, så då ligg alt til rette for ein fin Vårmarknadsdag på Dyrskuplassen.
|
 |
 Trivelege marknadsdagar | |
Utstillarliste for Vårmarknaden 2013
Då er utstillarlista for Vårmarknaden klar - trykk "Last ned" for å få oversikt over dei påmelde deltakarane. I tillegg ventar me rundt 100 utstillarar som melder seg på ved ankomst. Me ynskjer velkomen til ein triveleg handel!
Last ned
|
 |
 NMK Seljord testar banen | |
VÅRYRE MARKNADSDAGAR 10.-11. mai
Me ønskjer velkomen til nye våryre marknadsdagar på Dyrskuplassen. Vårmarknaden opnar fredag 10. mai, den 14. i rekka, og er større og meir innhaldsrik en nokon gong. Marknaden har vekse år for år og det er venta om lag 7000 besøkande, 250 utstillarar og 150 campingeiningar.
Les meir
|
 |
Er du vår nye daglege leiar?
Det er ikkje aktuelt for noverande dagleg leiar å fornye åremålsavtala si som går ut ved årsskiftet. Vi søker difor etter ny dagleg leiar, med tiltreding 1. januar 2014. Dagleg leiar er ansvarleg for den daglege verksemda i selskapet som bl.a. omfattar vidareutvikling av den tradisjonelle Dyrsku’n og andre arrangement, utvikling av Mat- og kompetansesenteret og andre aktivitetar knytt til Dyrskuplassen.
Les meir
|
 |
 Foto: NMK Seljord | |
Motorshow på Vårmarknaden
Laurdag 11. mai blir det motorshow med drifting, trail og motorcross på Dyrskuplassen i Seljord.
NMK Seljord stiller med fleire spreke driftingbilar som vil gje full gass på grusbanen. Setesdal Folkehøgskule, landets beste motorsportskule, stiller med trail og motorcross. Sammen vil dei vise eit forrykande motorshow med fart og spenning. Møt opp ved Ridebanen laurdag kl. 12.00!
|
 |
|
Eldre pressemeldingar
|