Søknadsskjema er klart

PonCat Dyrsku'n 2017

21. oktober 2016

Søknadsskjemaet er no lagt ut på kundesenteret vårt, og vi ynskjer nye og gamle utstillarar velkomen til Dyrsku'n 2017!

8. - 10. september 2017 er datoane for årets store hending, Dyrsku'n, og søknadsskjemaet for utstillarane er lagt ut på kundesenteret vårt. 

Frå starten skulle Dyrsku'n fyrst og fremst tene landbruk og husdyrhald. Slik er det framleis, men gjennom desse 150 åra har arrangementet utvikla seg til ein møtestad med rom for alt frå kniv- og klokkehandel, til lokalmat og omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner, samt ei husflidutstilling med utstillarar frå heile landet. 

Har du lyst å vere til stades på Dyrsku'n? I 2016 var det heile 740 utstillarar som fekk plass på Dyrsku'n, og vi ynskjer deg velkommen som søkjar! 

Søk om standplass på Dyrsku'n 2017 her!

Har du ikkje søkt om plass som utstillar tidlegare, må du registrere ein brukar i vårt kundesenter. Har du gløymt passordet, trykk på "Glemt passord". Søknadsskjemaet finn du øvst til høgre under "Søknader". Du vil deretter få fleire val på kva for standplass du ynskjer. Hugs å trykke på "Registrer søknad" til slutt for å sende inn søknaden elektronisk til vårt kundesenter. 

Påmeldingsfrist er sett til 1. april 2017.

Med å registrere ein søknad til Dyrsku'n, stadfester du at du har lest og forstått, og aksepterer at du er bunden av "Dyrsku'n reglar 2017".

Hugs å oppdater kontaktinformasjon (adresse, e-postadresse, telefon osb.) om du allereie er registrert på kundesenteret vårt, vi opplever kvart år å få både e-postar og brev i retur. Du kan dermed risikere at vi ikkje får tak i deg når vi ynskjer å tildele deg ein standplass.

Les meir om: