Kontrollprogram for storfe

Telemarksfekalv

22. mars 2017

Det vil bli innført restriksjonar på husdyrutstillingane for storfe på årets Dyrsku.

Luftvegslidelser (BRSV, bovint respiratorisk syncytialivirus) og diaré (BCoV, bovint coronavirus) er årsaka til at det kvart år dør mellom 5.000 – 10.000 kalvar. Sjølv om desse to sjukdommane er virusinfeksjonar, blir dei ofte behandla med antibiotika, delvis grunna usikker diagnostikk i felt, til dels på grunn av bakterielle fylgjeinfeksjonar. Det er innført eit omfattande kontrollprogram på storfe for å få bukt med problemet, og målsetnaden er å betre dyrehelsa og dyrevelferda, få eit lågare antibiotikaforbruk og betre produsentøkonomien

I samband med dette vil Dyrsku'n kun tillate storfe frå grøne besetningar til å stille på årets husdyrtevling. Tidlegare deltakarar og årets påmeldte vil motta eit brev med nærare informasjon.


Korleis kan du få ein grøn besetning? 

Du kan ta ei prøvetaking og sende inn til Tine Mastittlaboratoriet i Molde:

  • Ei analyse pr. år er gratis. Dette gjeld både kjøtt- og mjølkeprodusentar
  • Prøver av mjølk frå 1. laktasjonskyr. Mjølk frå 2-4 dyr blandast i eit prøveglas for enkeltspeneprøver
  • Blodprøve frå kalvar (helst 4 stk.) som er eldre enn 6 månader


Les meir her:

Link til følgeskjema for prøvetaking

Meir informasjon om kontrollprogrammet finn du på Animalia  eller Storfehelse