Går du i giftetankar

Brurepar 2016

1. desember 2016

Går du med gifteplanar eller står barnedåp på planen i 2017? På årets Dyrsku ventar ei sjeldan og unik oppleving for dei som kunne tenkje seg ei litt utradisjonell markering, når det vert lagt til rette for både dåp, vigsel og smiing i Hymens lenkjer på den tradisjonsrike messa.

Sjå for deg dagen din i Seljord, krinsa av vakre og majestetiske fjell, på Dyrskuplassen der det har vore marknad gjennom 150 år. Sjå for deg brureferda gjennom eit hav av menneske, sitjande som dronning og konge for ein dag i ei staseleg vogn, dregne av godlynte og blankpussa hestar. Sjå for deg fleire tusen gjester i bryllaupet ditt, som er både rungande stille og applauderer høgt på ditt livs store dag. Sjå for deg det idylliske Sterke Nils-tunet, med stogo Sterke-Nils bygde med eigne nevar, som bakteppe for vigselen med deg og den hjartet ditt har utkåra.

Etter den kyrkjelege vigselen vil du bli smidd i Hymens lenker av Dyrsku-smeden på same stad, som ei stadfesting på kva du nettopp har lova framfor kyrkja og alle gjestene dykkar. Dyrsku’n inviterer til eit privat og usjenert bordsete som avslutning på dagen, med tradisjonsmat til brureparet og dei private gjestene deira.

«Om du ynskjer ei oppleving heilt utanom det tradisjonelle, noko du aldri vil gløyme og noko svært få andre vil få oppleve, kan vi anbefale deg å gifte seg på Dyrsku’n», seier Brit Kristin og Vidar, brureparet i jubileumsåret 2016. «Opplevinga kan ikkje samanliknast med noko anna, men det blei akkurat slik vi hadde håpa på!», avsluttar dei lykkelege nygifte.

Dåp på Dyrsku-sundagen

Under gudstenesta på sundag, som i årevis har vore eit fast innslag på Dyrsku'n blir det i år også dåp! Ynskjer du ei litt annleis oppleving av denne markeringa har du sjansen no! 


Send oss ein søknad på post@dyrskun.no for å bli årets Dyrsku-par og/eller årets Dyrsku-born! Du kan også ringe oss ved spørsmål på telefonnr. 35 06 57 70.