Mat og landbruk 2017

Mat og landbruk 2017

10. januar 2017

Årets viktigaste og største møteplass for folk i landbruket har i år temaet «Er vi klare for framtidas landbruk?» Dyrsku’n er deltakarar på den store konferansen.

Det er spesielt 2 ting som kjem til å påverke den norske matproduksjonen i framtida; politikk og teknologi.

Årets fyrste debatt om jordbruksmeldinga går av stabelen under konferansen, med paneldeltakarar som leiar i Næringskomiteen Geir Pollestad (Sp), Line Henriette Hjemdal (KrF), Pål Farstad (V), Odd Omland (Ap), Lars Petter Bartnes og Statsråd Jon Georg Dale. Jordbruksmeldinga vart lagt fram like før jol, og regjeringa varslar at dei ynskjer enklare virkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep, auka konkurranse og meir marknadsretta produksjon. «Faren med jordbruksmeldinga er at vi kan risikere å bygge ned dei sterke og unike sidene ved norsk matproduksjon. Vi treng meir av det som har skapt ei unik dyrehelse, høg mat-tryggleik og verdas beste ost. Då er det feil å redusere bondens innflytelse på verdikjeda for mat», uttalar Olav Hedstein, adm.dir i Norsk Landbrukssamvirke.

Noreg er allereie eit høgteknologisk landbrukssamfunn, men vi kan enda effektivisere og forsterke landets konkurransefortrinn med å følgje med i utviklinga. Avlsarbeid og antibiotikafrie dyr gjev eit unikt datagrunnlag for vidare analyser og dermed potensiale for å auke den avlsmessige framgangen. Landbruksrobotar er i rivande utvikling, og firmaet Adigo fekk i dag Innovasjonsprisen 2017 for roboten Asterix. Den kan redusere forbruket av plantevernmidlar med opptil 95,9%, og ved å sprøyte berre på ugraset slepp vi og ei resistensutvikling på matplantene.

Teknologien er i rivande utvikling, og Dyrsku’n er til stades for å følgje med i ein spennande bransje. Vi kan love deg interessante og høg-aktuelle tema på årets Dyrsku 8.-10. september!

Sjå heile programmet for Mat og landbruk 2017 her.

Besøk sida til Mat og landbruk 2017.


Mat og landbruk 2017

Strategidirektør i Schibsted, Torry Pedersen, heldt eit engasjerande og interessant foredrag og la stor vekt på kva muligheter den nye teknologien gjev landbruket.

Mat og landbruk 2017

Vinnar av Innovasjonsprisen 2017 er Adigo for landbruksroboten Asterix.