Dyrsku'n på NRK

NRK filma frå Dyrsku'n

6. april 2017

10. april må du slå på NRK på tv'n eller sjå på nett-tv på hytta! 

Då sender NRK1 eit program frå folkefesten i Seljord. 

I tre dagar fylgde NRK det 90.000 besøkande fekk oppleve på Dyrsku'n i 2016. I programmet vil du òg få eit godt glimt av ting som skjer i kulissene når Gisle skal pynte kalven, og ikkje minst når brura skal gjere seg klar. Dette og mykje meir kan du sjå måndag 10. april klokka 20.45 på NRK1.

Glimt av Norge på nrk.no kan du sjå her.