Søknadsrekord på utstillarar

Frukt og bær er årets tema på Dyrsku'n

5. april 2017

I jubileumsåret 2016 var det rekordstor pågang av utstillarar som ynskte å vere representera med ein stand på Dyrsku’n. Korleis blir det i 2017?

Administrasjonen på Dyrsku’n var spente på korleis etterspurnaden for årets marknad utvikla seg, men kan no konstatere ei auke på 5% samanlikna med tal frå 2016 på utstillarar som har sendt inn søknad.

Leiar for salsmessa Annette Ajer, er fornøgd med kvaliteten og breidda på årets søknadar, og tek no fatt på den store jobben med å plassere alle utstillarane. Ho skal fullteikne 170 mål med marknadsområde, og fortel vidare at kapasiteten på området for landbruk- og anleggs er heilt på smertegrensa. 

Fristen for å søke som utstillar til Dyrsku’n 2017 gjekk ut 1. april, og dei som har søkt i tide, vil få tilbakemelding i starten av mai om dei har fått tildela standplass. Det er mogleg å sette seg rett på venteliste, men søknaden vil ikkje bli behandla før fyrsteinntaket er gjennomført. 

Om du er utstillar, kan du fylgje med på statusen din i kundesenteret. Sjå om det står «Mottatt» eller «Godkjent». Står det godkjent har du fått tildela ein plass, og vil få høyre frå oss om kort tid. 


Foto: Frukt og grønt er årets tema på Matlyst Dyrsku'n