Verdsstjerne til Seljord

Brad Paisley til Dyrskuplassen

15. februar 2017

Dyrskuplassen har mange høgdepunkt, Countryfestivalen 26.-30. juli med bl.a. Brad Paisley er eit av dei!

Countryfestivalen i Seljord blir i år arrangera for 19. gong, og er med sine 25.000 besøkande Nordens største i sitt slag. I år har dei sikra seg ein av verdas mestselgande country-artist i Brad Paisley! Han kjem til Dyrskuplassen med sitt band «The Drama Kings» fredag 28. juli, og med 22 songar på førsteplass har han eit stort repertoar å spele på. Uvanleg for countryartistar flest, skriv Brad Paisley dei fleste av songane sine sjølv, og har ord på seg for å servere eit av countrymusikkens mest spektakulære sceneshow. Artisten har gitt ut 11 album, og har ei imponerande merittliste: 3 Grammy-statuettar, 14 ACM-awards, 14 CMA-awards og 2 AMA-awards. Vi kan ikkje anna enn å glede oss!

Festivalen har mange andre godbitar å by på heile veka, med blant anna Noregs yndlingar Vassendgutane, Too Far Gone, STAUT, Ni liv og Byting. Artistar blir presentera fortløpande utover våren, følg www.countryfestivalen.no for alle nyheiter.

Billettsalet har opna, sikre deg billettar til sommarens høgdepunkt allereie no!

Mens du venter, kan du kose deg med musikkvideoen til Brad Paisley og hans «Whiskey Lullaby»

Aktivitetskalender

19. mai 2017

Vårmarknad

Velkommen til Telemarks største skattekammer 19.-20. mai

Les meir >
2. juni 2017

Pinsestemne Islandshest

Pinsestemne for Islandshest 2.-5. juni er eit nasjonalt stemne, som årleg blir arrangera på Dyrskuplassen.

Les meir >
10. juni 2017

Raukleiv upp

Velkommen til motbakkeløpet Raukleiv upp 10. juni!

Les meir >
5. juli 2017

Seljordfestivalen

Dansebandfestival fra 5.-9.juli der over 14.000 gjester vert samla til aktivitetar, konkurransar, dans og camping.

Les meir >
11. juli 2017

Maran Ata

Landsstemnet for Maran Ata vert arrangert 11.-16.juli

Les meir >
18. juli 2017

Korsvei

For 11. gang vert Korsveifestivalen arrangert i Seljord 18.-23.juli.

Les meir >
Mer >