Vinterferie med ull

Dyrsku'n sin samarbeidspartnar på husflid er Norges Husflidslag

17. februar 2017

Vinterferien er rett rundt hjørnet, og det blir kanskje mange trivelege kveldsstunder framfor peisen?

Kva med å fylle kveldane med litt handarbeid? Ingenting varmar så godt som ull, og den norske ulla har spesielt mange gode eigenskapar. 

Den har masse spenst, er slitesterk, isolerer godt, er flammehemmande og ikkje minst - den er miljøvennleg! I 2015 fekk norsk ull tildela Svanemerket for det fantastiske materialet, i tillegg til at sauen er med på å halde kulturlandskapet rundt om i landet i hevd. 

Norges Husflidslag er vår samarbeidspartnar på husflid, på nettsida deira kan du finne inspirasjon og oppskrifter til neste strikkeprosjekt. Følg med på Ullialt, kjøp med deg garn på hytta og ha ein god vinterferie!