Leige Dyrskuplassen

Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode campingareal, sanitærfasiliteter, grøntområde, smågater og gardstun. I tillegg har vi fleire selskapslokale for mindre arrangement.

Dyrskuplassen ligg i naturfagre Seljord, midt i hjartet av Sør-Noreg. Omkransa av flotte fjell, og ei rekke camping- og badeplassar, ligg det segnomsuste Seljordsvatnet. Her seiast det at det bur ein sjøorm! I Seljord ligg alt til rette for både mystikk, spektakulære fjellturar og gode opplevingar på Dyrskuplassen.

Seljord ligg sentralt i Sør-Noreg – midt mellom aust og vest, med E134 som gjennomfartsåre. Her ligg den gamle marknadsplassen som årleg samlar over 90 000 gjester til Dyrsku’n i september. Her finn du og store musikkfestivalar, hestestemne, landssamlingar og fleire marknader. Totalt er det opp mot 200 000 besøkande på Dyrskuplassen i året.

Når plassen er fylt opp med yrande folkeliv, spanande aktivitetar og gode program, er det mange som får gode opplevingar og minne for livet og kjem tilbake år etter år.
Dyrskuplassen har omlag 15 arrangement i året, men vi har plass for fleire ikkje minst i vinterhalvåret. Her er det plass for alle, anten det er små kurs, store festivalar eller eit familieselskap i hyggelege selskapslokale på Storstogo.

Dyrskuplassen inneheld:  

  • 150 mål inngjerda areal
  • 4 store hallar
  • 10 hus av ulik storleik og innhald
  • Gamalt gardstun
  • Hovudscene på Fjoset, omkransa av gamle båsrekker frå 1866
  • Utstillingsområde og båsar for husdyr
  • Kurs- og konferanselokalitetar
  • Ridebanar med tribuneanlegg
  • Storstogo servering – restaurant med kapasitet på 70 personar
  • Scenekafe – kafeteria med kapasitet på 120 personar
  • Hovudmatutsal – stort matutsal med sitteplassar ute, herav 100 sitteplassar under tak.
  • 5 kioskar/gatekjøkken
  • 2 permanente billettportar med fleire billettluker
  • Leikeplass - inngjerda område med leikeapparat
  • Infrastruktur med:
    • godt utbygd vegnett – både asfalt og grus
    • store grøntområde med bord og benkar
    • sanitærkapasitet for store arrangement
    • store parkeringsområde på utsida av plassen
Arrangementstenester  
Dyrsku’n Arrangement har gjennom mange år opparbeida ein særs god arrangementskompetanse, både på planlegging og gjennomføring av arrangement. Vi tilbyr arrangementskompetanse til våre leigetakarar dersom det er ynskjeleg. Vi kan og formidle telt og arrangementsutstyr, og elles legge forholda til rette for å kunne gjennomføre gode arrangement.

 

Kontakt oss for spørsmål og ledig kapasitet!