00/00-0000: SOGELANDSHELG I SELJORD 24.-26 juni På Dyrskuplassen blir det mellomaldermarknad laurdag og sundag med
aktivitetar, oppvisingar, dyr og marknadsliv som vil gje heile familien historisk opplevingar på ein levande, underhaldande og interessant måte.
Den fargerike gjøglargruppa Stella Polaris vil stå for festparade og gjøgling.
Frilansane kjem med riddarar og køyrer riddarturnering både laurdag og sundag.
Det blir satt opp vikingleir, høgmellomalderleir og gjøglarlandsby.
Mari og Harald Foss vil framføre mellomaldermusikk og song i Gonge-stogo.
Alle som ynskjer å bli riddar eller prinsesse har høve til å gå i skule og vil kunne oppnå desse edle tittlane. Det blir og høve til å prøve seg som bogeskyttar, øksekastar m.m.
På Seljordsvatnet kan ein få tur med vikingskip, få høyre om vikingskipets historie og speide etter den sagnomsuste sjøormen.
Det blir mytevandring til Gonge på Seljordshei, i regi av Sigurd Telnes, laurdag og sundag.
Her blir det glimt frå livet til den fotlame og særeigne kunstnaren Hølje Nirison i form av forteljing visesong, slåttemusikk og tablå.
Spelet om presten Landstad og jomfru Crøger blir satt opp på Tusenårstaden ved Seljord kyrkje fredag, laurdag og sundag kveld. Her kan ein oppleve folkeminnesamalarane i herleg samspel - der dei levde og der det skjedde
Bjørn Sundquist og Hæge Manheim har hovudrollene i spelet, manus er av Edvard Hoem, musikk av Sigvald Tveit og Regi Stein Winge. Musikarar frå Telemarkskonstertar, Seljord Songlag og Mannskoret Ågapet.
Pilegrimen - ei kulturhistorisk vandringa frå Seljord til Røldal startar ved Seljord kyrkje sundag 26. juni.