Dyrsku'n

Vårmarknad

JoleMarknad

Mat/kompetanse

Dyrskuplassen

Inkubator

Info
Utskriftsvenleg
utgåve av sida!

02/07-2009:
Program for Dyrsku'n 2009

frå kalvemønstringa - Dyrsku'n 2008 - foto Leif Jamtveit
Programmet for Dyrsku'n 11.-13.september er klart.
Klikk her for å laste ned programmet som er rikhaldig og variert, med noko for ein kvar smak.
Vi byr på eit variert husdyrprogram med dyreutstillingar, oppvisingar og vising av husdyrhald på gamle måten og husdyrhald av i dag.
Kulturprogrammet byr på spelstykke, utstillingar, soger og spel. I år med Dyrskuspel, som er eit samarbeidsprosjekt, mellom Grenland Friteater og Seljordspelet. Spelet viser Dyrsku'n anno 1965.



Laurdag blir det vigsel i Sterke Nils-tunet med prest og smiing i hymens lenker. Husflidsutstillinga viser flotte husflidsprodukt som er sendt inn til tevlinga.
I Sterke Nils tunet kan ein sjå mange spennande tradisjonrike handverk demonstrert. I det nyoppretta Matkvartalet møter ein lokalmatprodusentar som sel eit vidt spekter av matprodukt.

Vi ønskjer velkomen til årets store folkefest !

Pressa kan hente bilde til pressemeldingane på http://presse.dyrskun.no

Dyrsku'n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord. Telefon 35 06 57 70, faks 35 06 57 84, epost: post@dyrskun.no