Dyrsku'n

Vårmarknad

JoleMarknad

Mat/kompetanse

Dyrskuplassen

Inkubator

Info
Utskriftsvenleg
utgåve av sida!

14/08-2009:
Kjøp billetten på nett!

Dyrsku’n Arrangement AS oppmodar besøkande i år til å kjøpe billetten før dei reiser til Dyrskuplassen. Her på nettsida kan du alt no gå inn og kjøpe billetten elektronisk med bankkort. Då får du ei kvittering med strekkode som du skriv ut og tar med til porten.

Kjøp billetten her!



- Når nær 30.000 menneske skal inn på Dyrskuplassen laurdag føremiddag har me hatt problem med lange køar framom billettlukene. Den køen kan ein unngå om ein har sikra seg billett på førehand, seier Margit Nordstoga Aasan i Dyrsku'n Arrangement.

Ved hovudporten og Tivoliporten er det oppretta to eigne inngangar for dei som har billett med strekkode. Då blir det registrert at billetten har vore i bruk den dagen, og same billett kan ikkje brukast fleire gonger. Det er høve både til å kjøpe einskilddagar og 3-dagarsbillett.

- Dette er fyrste året me prøvar ut sal av billettar på nett der gjestene kan skrive ut billetten heime. Men hugs å ta med utskrifta, oppmodar Margit Nordstoga Aasan.

Pressa kan hente bilde til pressemeldingane på http://presse.dyrskun.no

Dyrsku'n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord. Telefon 35 06 57 70, faks 35 06 57 84, epost: post@dyrskun.no