Aasmund Nordstoga skal leie opningsprogrammet. Han skal og synge og har med seg gitaristen Åsmund Reistad. Unge felespelarar frå Seljord viser fram kva dei kan. Seljord skal arrangere Landskappleik i 2011 og rekrutteringa er god.
Årets opningstalar er Arne Hjeltnes.
Det blir dyrskuteater å sjå på årets Dyrsku’n. Stiftinga Seljordspelet og Grenland Friteater har i samarbeid laga ein oppsetting som heiter ”Ein sjans skå kåma te kånn”. Her skal dei gjenskape Dyrsku’n anno 1965 og skape eit bilete på korleis det var på Dyrsku’n den tida.
Fargerike personar og hendingar kjem til å dukke opp. Her kan du få kjøpe produkt frå den tida, treffe spåkjerringar, sigøynarar, hamne i slåsskamp eller kan hende få ein dans…kven veit….møt opp på Dyrskufjoset så får du vera med på moroa.
I Gonge stoga får me sjå felemaking med Ottar Kåsa frå Bø. Her blir og gamle feler etter Hølje Gonge.
I Sterke Nils-tunet kan ein delta i bryllup med kyrkjeleg viing og smiing i hymens lenker. Brudeparet som vil vera anonyme til den store dagen, er det fyrste brukeparet som blir vigd på Dyrskuplassen.