12/09-2009:
Over tusen i bryllaup på Sterke Nils-tunet
| |
Hilde Stauch-Hansen og Torbjørn Dukane blir vigde av Bjørn Nome som til dagleg er ordførar i Fyresdal. |
For fyrste gong i historien var det laurdag eit ekte bryllaup på Dyrskuplassen. Hilde Stauch-Hansen og Torbjørn Dukane frå Ulefoss blei vigd av prest Bjørn Nome frå Fyresdal. Langt over 1000 menneske hadde møtt fram for å sjå på seremonien.
Av Mikkel Aanderaa
Dei siste seks åra har smeden Øivind Klausen smidd par i hymens lenker på Sterke Nils-tunet, men tidlegare har han smidd par som har gifta seg tidlegare på sommaren. I år var paret heilt nygifte då dei tok plass framom smeden.
- Hilde Strauch-Hansen og Torbjørn Dukane har kjent kvarandre i 11 år og vore i hop i 10. Då var det på tide at dei gjorde alvor av det, sa kjøgemeister Olav Sem.
Etter at brureparet hadde sagt ja til presten, overtok smeden og smidde dei to i hymens lenker.
Pressa kan hente bilde til pressemeldingane på http://presse.dyrskun.no