tevlingar på dyrsku'n

Det heile starta som eit fesjå for Telemarkskyr i 1866.

I 1871 vart utstillinga utvida vidare med dømming av hest. Den dag i dag står desse to dyreslaga framleis som eit av dei viktigaste kjerneområda i marknaden vår, saman med geiteutstillinga.
Vi har ikkje berre fokus på dyr i Dyrsku'n, kvart år får vi inn nokre av dei vakraste husflids- og handverksprodukta frå heile landet som blir sendt til bedømming. Dommarane har alle særmerkt seg i sine fag, og det er uttala at det "er den strengaste husflidstevlinga i heile Noreg".  

Her kan du sjå resultat og kåringar gjennom heile Dyrsku-helga.

Resultat frå tevlingane