Dyrsku'n

Vårmarknad

JoleMarknad

Mat/kompetanse

Dyrskuplassen

Inkubator

Info
Klikk her for ei
utskriftsvenleg
utgåve av sida!

VÅRMARKNAD 28.- 29. MAI 2010

BRUKT OG DEL - FERIE OG FRITID

 

Brukt- og delemarknaden på Dyrskuplassen har hatt ei fin utvikling dei seinare åra. Både talet på utstillarar og publikum har auka. På bakgrunn av dette utvidar me opningstidene og varespekteret, og bytter namn til VÅRMARKNAD.

 

Motor, brukt og antikk skal me halde fram med, og i tillegg vil du finne aktivitetar og varer innanfor ferie og fritid  

   

BRUKT OG DEL   

  • 200 utstillarar som tilbyr alt frå A til Å innan brukt og antikk  
  • Godt utval i delar til veterankøyretøy
  • Veteranbilutstilling
  • Har du ein bil som er over 30 år - kom og vis den fram på Vårmarknaden. Her blir det premiering av flottast bil. Gratis inngang for sjåfør.

          Informasjon om veteranbilutstillinga:

          Stein Larsen tlf. 920 12 639 

          e-post: post@vtmk.net 

          Besøk og www.vtmk.net


FERIE OG FRITID
Innanfor ferie og fritid vil vi lage aktivitetar, og ta i mot utstillarar med produkt innan:

  • Camping og hytte
  • Hage og hagerom
  • Sport og friluftsliv 

CAMPING

Forholda ligg godt til rette for ei super vårhelg i Seljord. Dyrskuplassen er Noregs finaste festivalplass med godt utbygde fasilitetar. Du vil kunne campe her med heile familien til ein hyggeleg pris.

 

PROGRAM OG AKTIVITETAR

  • olabilløp - på låvebrua til Husdyrhallen kan du køyre olabil, vi har bilar til disposisjon. Eller du kan ta med din eigen olabil.
  • bogeskyting
  • stempelkasting - i staden for hesteskokasting kastar me bilstempel, her er det snakk om presisjon
  • Fredag 28. mai:
  • kl 16.00 Duell mellom Seljord og Kviteseid kommune i praktiske friluftslivøvelsar. Kommunetoppar stiller til kamp.
  • kl 17.00 Auksjon av gamle møblar, porselen, bøkar m.m. ved Trøgstad auksjonsforretning.
  • kl 19.00 Kåseri av Suzanna Tangen om opplevingar frå TV-serien Ingen Grenser.
  • kl 20.00 Allsongkveld med servering i Storstogo. Opent for servering frå kl. 19.00.
  • Laurdag 29. mai:
  • kl 12.00 og kl. 15.00 Kåseri av Suzanna Tangen om opplevingar frå TV-serien Ingen Grenser.

 

MATSAL

Med tri matutsal på plassen vil me tilby matservering både fredag og laurdag.  

 

 

OPNINGSTIDER

Fredag 28. mai -   kl. 14.00 - kl. 21.00
Laurdag 29. mai - kl. 09.00 - kl. 17.00
 

INNGANG PUBLIKUM

Born t.o.m 5 år - Gratis

Born 6 - 15 år -   kr. 30,-

Vaksen              kr. 50,-

 

PARKERING -    Gratis

 

                                                                                  

PRISAR UTSTILLARAR

 

Innestand:         Hall kr. 72,- pr m2

Utestand:

Brukt og del      Utestand kr. 80,- pr løpemeter 

Ferie og fritid     Utestand kr. 120,- pr løpemeter

                        Utestand over 100m2 - kr. 20,- pr m2

 

Standane er 4-6 meter djupe.

Prisane er ekskl. mva.

 

 

CAMPING PR. DØGN

kr. 200,- pr. bil m/førar - inkl. straum + kr. 100,- pr. passasjer

Prisen inkluderar inngang til marknadsområdet.

Prisane er inkl. mva.

 

 

 
 
 
Dyrsku'n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord. Telefon 35 06 57 70, faks 35 06 57 84, epost: post@dyrskun.no