Dyrsku'n Jolemarknad Vårmarknad Kurs Servering Utleige Om oss Billettar


NB: Bruk Internet Explorer og ikkje Chrome når du kjøper billett!

ARRANGEMENT
PÅ DYRSKUPLASSEN

2 dagar att til
Telemark gjetarhundlag
24.10 - 26.10.2014

5 dagar att til
Matkursveka
27.10 - 31.10.2014

13 dagar att til
Stavkurs
04.11 - 04.11.2014

38 dagar att til
Jolemarknad 2014
29.11 - 30.11.2014

38 dagar att til
Ølbryggarkurs
29.11 - 29.11.2014

219 dagar att til
Vårmarknad 2015
29.05 - 30.05.2015

252 dagar att til
Seljordfestivalen
01.07 - 05.07.2015

273 dagar att til
Countryfestivalen
22.07 - 26.07.2015

324 dagar att til
Dyrsku'n 2015
11.09 - 13.09.2015

688 dagar att til
Dyrsku'n 2016
09.09 - 11.09.2016




WEBKAMERA




OVERNATTING










Dyrskuhistoria

Folkefesten som samlar omlag 80 000 menneske frå heile Sør-Noreg og meir.
Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane.
Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon samstundes som statsagronom Johann Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord.
Slik vart Dyrskuhistoria til.


140 år med Dyrsku`n

1866: "Statens første Qvægudstilling" i Seljord.
1867: Dyrsku-fjøset med 200 båsplassar teke i bruk.
1897: Dyrsku-fjøset utvida til vel 300 båsplassar.
1916: 50-årsjubileum. Kongens fortjenstmedalje i sølv til telebøndene Hans Kleppen og Sveinung Groven for arbeidet "for telemarksfæets fremgang".
1947: Det blir opna for andre storfe-rasar enn Telemarkskyri.
1956: 100-årsfeiring av det fyrste rasedyrskuet i Noreg, Kviteseid i 1856, og 90-årsjubileum for Dyrsku'n i Seljord. Kronprins Olav æresgjest.
1962: Bygdekunst/husflidutstilling for fyrste gong på Dyrsku'n. I dag landets største husflidsutstilling.
1965: Seljord kommune inn i Dyrsku'n.
1966: Jubileumsutstilling. Ny husflidshall, utstillingshall og nytt sanitæranlegg.
1968: Dyrsku'n blir utvida frå to til tre dagar og flytt til helg.
1969: Namneendring til Seljordutstillinga Dyrsku'n. Den fyrste Seljordprisen blir delt ut.
1970: For fyrste gong over 20 000 besøkandes på Dyrsku'n: 20 193.
1977: Seljord Idrettslag tek over matsalet på Dyrsku'n.
1981: Fyrste gong over 50 000 besøkandes på Dyrsku'n: 51 035 selde billettar.
1987: Nybygg med friluftsscene.
1990: 62 742 besøkandes på Dyrsku'n.
1991: 125-årsjubileum. 18 dekar nytt utstillingsområde. Opprusting av kjøkken og kafeteria.
1993: Ny publikumsrekord: 64 182.
1995: Dyrsku-arrangementet omorganisert, Dyrsku'n får dagleg leiar. Dyrskuplassen utvida til 120 mål (innafor gjerdet).
1996: Driftsselskapet Dyrsku'n Arrangement AS overtek drifta av Dyrsku'n. Ny husdyrhall og ny ride/salshall. 66 417 besøkandes på Dyrsku'n.
1997: Husmannsstoga frå Gonge på Seljordsheii blir restaurert og teken i bruk under Dyrsku'n.
1998: Nytt, moderne toalettanlegg.
1999: Sterke Nils-tunet og den nybygde "Stogo"blir opna. Ny publikumsrekord: 69 887.
2000: Rosemålarane tevlar om publikumspris. Besøkstal: 67 158.
2002: Ny publikumsrekord under Dyrsku`n, heile 75 072 betalande gjester.
2003: Skoghuset under oppføring. Ein gamal byggeskikk i grindverkteknikk som vart nytta i jarnalderen.
2004: Den nye smia og ystebui vart teken i bruk.
2006: Dyrsku`n fyller 140 år! Ekstra satsing på dei fleste område. Cowparade vert avslutta med ein auksjon under Dyrsku`n der pengane går til bønder i Malawi.
2007: Storstogo bygd og tatt i bruk, bygget husar administrasjon for Dyrsku'n Arrangement og Mattilsynet, samt kjøkken og kafeteria

 

 Gongestoga blir opna i 1997 av Sigurd Telnes og Henry Mæland. 
 

DYRSKUPLASSEN SI GAMLE HISTORIE

Dyrskuplassen har ei lang historie, med funn så langt tilbake som 300 a.d. På plassen og områda ikring har det vore bort imot 150 gravhaugar skal ein tru det Wille har nedteikna i Beskrivelse over Sillejords Præstegield (1786).
Kvifor akkurat dette området vart bruka til gravplass veit ein ikkje, men det ein veit er at i tilknyting til slike gravstader var det gjerne ein tingplass og ein marknadsplass. Her møtte folk i gravferder, kanskje dei la ned offergåver til gudane, heidra sine døde, avgjorde tvistemål og handla varer. Funna som er gjort her er rike, både på våpen og nyttegjenstandar. I 1893 kom ein arkeolog, N. Nicolaysen, og grov ut 30 gravhaugar, funna vart selde til museum og privatpersonar og med det spreidde ganske vidt omkring. Sidan vegane på den tida var vanskelege å fara på vart berre dei gjevaste gjenstandane tekne vare på, resten låg att! Dette skulle tilsei at i grunnen på Dyrskuplassen ligg det framleis eit stort materiale frå desse tidlege tider.

Dyrsku`n har vore i ei ubroten rekke frå 1866 då det vart eit "Statlig Quægskue". Området vart donera til Seljord kommune av gardbrukar Even Høyesen i 1865. Han var ein forkjempar for det moderne landbruket og ynskte på dette viset å vera ein sterk bidragsytar for "fremme av landbruget".

Instagram

Last ned Dyrsku-appen:







Vår samarbeidspartnar på telt


DYRSKU'N
I MEDIA

Nrk.no:

bygdeposten.no:

Varden.no:


Mediearkiv


KVA SKJER
I SELJORD?

Instagram

Last ned Dyrsku-appen:







Vår samarbeidspartnar på telt


DYRSKU'N
I MEDIA

Nrk.no:

bygdeposten.no:

Varden.no:


Mediearkiv


KVA SKJER
I SELJORD?
Dyrsku'n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord. Telefon 35 06 57 70, faks 35 06 57 84, epost: post@dyrskun.no