I samråd med Mattilsynet, tilrår Dyrsku’n å la hunden vere heime under årets Dyrsku.
Den alvorlege situasjonen rundt sjukdommen som har ramma hundar over heile landet, er førebels uavklara og vi oppmodar difor alle hundeeigarar om å la hunden vere heime under årets Dyrsku 13.-15. september.
Veterinærar over heile landet har dei siste vekene fått inn hundar med alvorleg diaré. Grunnen til sjukdomstilfella er ikkje kjent, men Mattilsynet anbefaler hundeeigarar å avgrense nærkontakten mellom hundar, og å halde hundane sine i band. Veterinærinstituttet opplyser om, etter obduksjon av fleire døde hundar, at alle hadde tydelege tegn på alvorleg tarmsjukdom.
Mattilsynet og Veterinærinstituttet vil halde fram med arbeidet av å kartlegge sjukdomsutbruddet.