Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Årets brurepar

Marie Ridderhus og Øyvind Lillefosse Ofte er klare for å bli smidd i Hymens lenkjer på årets Dyrsku.

28.06.2022
Marie Ridderhus og Øyvind Lillefosse Ofte

Marie er opphaveleg frå Ringerike, men har vore på Dyrsku’n mange gonger i oppveksten. Med foreldre som har bidrege rundt Husflisutstillinga gjennom fleire år, kom det ikkje som noko overrasking at Marie utdanna seg til sylvsmed i vaksen alder. Ho har jobba som prosjektansvarleg for Husflidutstillinga på Dyrsku’n, men har no gitt stafettpinnen vidare til ein kollega frå Vest-Telemark Museum.

Øyvind er frå Vest-Telemark og jobba lenge som hydraulikkmekanikar i Nordsjøen. I år når dei ein mile pæl når dei saman skal opne ei byggevareforretning på Rauland, og Øyvind har avslutta livet som pendlar.  Hausten 2022 er starten på eit nytt kapittel både som mann og kone, og som forretningspartnarar!

Saman har dei to gutar, Odin på 8 år og Håkon på 5 år og alle trivast godt heime på garden på Nesland, Rauland. Det er full fart dagen lang med maskinar og fellesprosjekt, Øyvind har bilverkstad i låven og Marie har sylvsmie i buret. Kva er då meir passande enn at dei blir smidde saman i metall?

Brureparet gifter seg i sommar, og til hausten blir dei smidd i Hymens lenkjer på Sterke Nils-tunet. Du er hjarteleg velkommen som gjest i bryllaupet på Sterke Nils-tunet laurdag 10. september ❤

Marie Ridderhus og Øyvind Lillefosse Ofte