Årets brurepar blei smidd i Hymens lenker

Smeden Øyvind Klausen smelta hjarta saman i hymens lenker for brureparet Marie Ridderhus og Øyvind Lillefosse Ofte

10.09.2022

Svært mange gjester fekk gleda av å sjå brureparet i staseleg hestekortesje til Sterke Nils-tunet med Seljord spelemannslag framfor seg. På Sterke Nils-tunet ynskte kjøgmeister Kristin Saga brureparet m/fylgje velkomne før smed Øyvind Klausen starta sin seremoni.

brureparet får hesteskyss og Seljord Spelemannslag leier an

Gamal tradisjon

Å bli smidd i Hymens lenker er ein gammal tradisjon som fortsett blir praktisert i Gretna Green, Skottland. Hymen er guden for bryllaup og ekteskap i gresk mytologi og romersk religion, og seremonien er ei stadfesting på det løftet brureparet har gitt kvarandre i vigselen.

Smeden smir i Hymens lenker

Øyvind Klausen har smidd eit tosifra antal brurepar på Dyrsku´n og har god kontroll på handverket. Brureparets to søner fylgjer nøye med.

Du kan nå kysse bruda

Brureparet fortsette festen med privat bordsete i fjoset på Sterke-Nils med lokalmat på menyen.