Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Årets brurepar

Til årets bryllaup og smiing i hymens lenker har vi valt oss ut eit sjarmerande par frå Grimstad.

20.04.2018

Silje og Kjell Vidar frå Grimstad møtte kvarandre gjennom ei felles venninne, Martine. Ho hadde eit sterkt ynskje om å prøve seg som Kirsten giftekniv, og invitera dei med på bål-tur på sjølvaste Valentinsdagen i 2016.

 

Forholda låg dermed godt til rette, og det begynna å spire ei vaksande interesse for kvarandre. Med ein stor og sosial omgangskrins, var det ikkje vanskeleg å skjule seg bak at dei «tilfeldigvis» møtte kvarandre på quizar på høgskulen for å bli betre kjent. Paret fann fort ei stor og felles interesse i friluftsliv og hundar, og barna dei har førebels er ein grå elghund, ein golden retriever, 4 høner og ein hane.

På jolaftan 2017 fridde Kjell Vidar til sin valentin, og i romjola fortalte dei den gode nyheita til fleire av vennene sine. Martine tok nok ein gong ansvar, og fortalde at «då rekk de søknadsfristen som brurepar på Dyrsku’n!». Stakkars Martine vart berre fnysa av, men ideen sette seg likevel fast. Kanskje det ikkje skada å sende inn ein søknad? Silje hadde vore mange gonger på Dyrsku’n med familien tidlegare, og visste kva som venta dei om dei skulle bli valt ut. Kjell Vidar derimot, er fyrstegongs-reisande til Noregs største handels- og landbruksmesse, og det kan vel knapt kallast noko anna enn ein brak-debut på Dyrsku’n når dei no skal ha både kyrkjeleg vigsel og smiing i hymens lenker her.

Silje er ferdig utdanna som maskiningeniør til sommaren, mens Kjell Vidar er utdanna som byggingeniør og jobbar som eigendomsforvaltar. Begge to har landbruksbakgrunn, oppvaksne på gard som dei er. Draumen er etter kvart å få sin eigen stad; med plass til at Silje kan få utfolde sine grøne fingrar, og ikkje minst ha tid og rom til å få på plass ein etterlengta hest. Kjell Vidar sin store lidenskap er jakt og fiske, etter ein barndom med far som tok dei med til skogs og til fjells frå dei var heilt unge. Han gjev likevel gladeleg slepp på ei jakthelg for å bli gift med kvinna i sitt liv. Fleire jakthelger kjem uansett i framtida.

Det blide paret har store forventningar til dagen på Dyrsku’n, med brurekrone og hesteskyss, med folketonar og gamle tradisjonar. «Det moderne Noreg går stadig framover, og det er godt med ein time-out og sjå tilbake på det gamle som har vore. Eg er veldig tradisjonsbunden», uttaler brudgommen om smiinga paret skal igjennom etter den kyrkjelege vigslinga. Det er både med glede og litt ærefrykt dei ser fram til å ta i mot mange fremmande gjester i bryllaupet sitt, men brura har konkludera med at ho får mange auger på seg uansett på slik ein spesiell dag. Årets brurepar reiser vidare til Rauland etter seremonien, med 70 invitera gjester i brurefylgjet, for å feire kvarandre og kjærleiken fram til morgongry.

 

Vil du vere gjest i bryllaupet til Silje og Kjell Vidar?

Møt opp på Sterke Nils-tunet laurdag 15. september kl. 15.00!