Foto: Svein Jæger Hansen
Hans lidenskap til lokalmat og vilt, har det siste året utmerka Jæger Hansen til årets Reinsdyrkokk, Viltgrillkokk i ViMenn og Villmarkskokken i Villmarksliv.
Han gler seg stort til å vere med å spreie matglede og kjærleik og få fortelja om Villmarksakevitten, med Dyrsku’n sine lokalmatleverandørar.
Svein vil saman med Bondelagskokken Nils Henning Nesje og elevar frå kokkelinja på Vest-Telemark Vidaregåande skule avd. Seljord trylle fram smakfulle rettar av produkt frå lokalmat-utstillarane du finn på Dyrsku’n.
Program i Lokalmat-teltet
Fredag
kl. 10-13.00
Dømming i delfinalen for Det Norske Måltid
kl. 11.30
Årets reinskokk Svein Jæger Hansen og forfattaren bak «Den store kjøttboka» Andreas Viestad kokkelerer med norske grønsaker
kl. 13.00
Stemningsrapport frå dømminga av Årets det grønne, foredla og Årets bakst i den nasjonale delfinalen i Det Norske Måltid
kl. 15.30
Geir Skeie – Bocuse d’Or 2009 lager ein rett frå si siste kokebok «Grøntboka, mine beste tilbehør». Boksignering
kl. 17.00
Landbruks- og matministeren møter lokalmatprodusentar og årets Dyrskukokk
Laurdag
kl. 11.30
Årets gjesteutstillar Hoppestad gård inspirerer med spirer og grønt
kl. 13.00
Vinnar av årets Dyrsku-produkt presenterer sitt vinnarprodukt
kl. 15.00
Bondelagskokken Nils Henning Nesje fortel om eigne erfaringar om mat og reiseliv, og norsk mat-turisme
kl. 16.30
Kokkeyrket-korleis leve og lykkast som kokk? Samtale mellom Erik Strøm Lillebø, kokk og drivar av bl.a. Vaaghals i Oslo, og ein representant frå kokkelinja i Seljord
kl. 17.30
Årets Grautgrams, vinnaren av NM i graut, presenterer vinnargrauten sin
Sundag
Heile dagen
Dagens tema; Grønsaker. Kokk Svein Jøger Hansen kjem med tips om korleis bruke meir grønsaker i kvardagen
Demonstrasjonar og aktivitetar med frukt og grønt
kl. 13.00
Grønsaksshow for born – lær og leik med grønt!