Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Årets matprodukt 2018

Til årets bedømming kom det inn over 60 flotte lokalmatprodukt. Produkta er prega av stor kjærleik til både råvarene, tradisjonane og det å vere produsent.

14.09.2018

Avgjersla er på ingen måte enkel i eit så stort hav av moglegheiter og kan difor aldri bli heilt rettferdig. Men vi har valt oss ut ein svært god kandidat, i tillegg ynskjer vi å gje heiderleg omtale til ein annan produsent.

 

Heiderleg omtale til

Fjellgris frå Valdres for ein svært innovativ, delikat og høgst salbart måltidsforpakning med sprengt fjellgris, sylta lauk og bygg-gryns- og raudkåls-kompott. Vi trur Fjordland vil få ein sterk konkurrent i dette produktet og gler oss til fortsettinga.

Grunngjeving Årets produkt 2018

Årets matprodukt på Dyrsku’n 2018 kan karakteriserast som eit særs smakfullt tradisjonsprodukt med ein innovativ tvist.
Basisråvara er lokalt produsert. Produktet vert presentera delikat, innbydande og profesjonelt. Emballasjen underbygger produktet på eit diskret vis, men denne gongen er det sjølve smaksopplevinga juryen vil framheve og heidre.
Det er ikkje fyrste gongen denne produsenten bidreg med innovative produkt på Dyrsku’n. Sidan starten på lokalmatsatsinga har dei gjeve publikum kontinuerleg overraskande og innovative smaksopplevingar, i hovudsak innanfor segment i planteriket, men også med kombinasjon av andre råvarer.
Produktet vi vil gje prisen til i år er eit kombinasjonsprodukt beståande av smør og graskar. Møtet mellom dei to vert balansera godt og gir ein klar meirverdi til smaksopplevinga. Behovet for ytterlegare inntak oppstår raskt. Anbefalinga om godt følgje av ramsløkpesto løfter det heile enda eit hakk. Med bakgrunn i denne unike smaken, meiner juryen at årets produkt vil vere eit verdifullt tilbehøyr til mykje, og at marknadspotensialet er stort. Generelt vil vi heidre produsenten for å ha inspirert mange innanfor lokalmat-næringa til å tørre å teste ut nye smakskombinasjonar og produkt.

Årets matprodukt på Dyrsku’n 2018 går derfor til Smør med graskar-kjernar frå Romstad Gård i Bjugn!   
Du finn dei i Lokalmat-teltet, på Mat 18+19.

Vi gratulerer!

Juryen besto av:

Svein Jæger Hansen, Årets Dyrsku-kokk
Anne Jødahl Skuterud, styreleiar i Felleskjøpet
Ellen Dagsrud, Fylkesmannen i Telemark, landbruksavdelinga