Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Reddande potetenglar i nord

Potetbøndene Dina Fonn Sætre og Henning Andreas Holand var ikkje sikre på om bondelivet var noko for dei. I 2020 vart dei kåra til Årets unge bonde – saman.

09.09.2021
Årets unge bonde 2020

Tekst: Aina Kristiansen  Foto: @aapentlandskap

 

Henning stod midt i åkeren på Engeløya i Steigen kommune i Nordland då han fekk telefonen om at han var nominert.

– Vi var midt i potetopptakinga, så eg tenkte ikkje så mykje meir på det då, seier han.

Opphaveleg var det berre Henning som vart nominert til den gjeve prisen. Sidan garden alltid har vore ekteparets felles prosjekt, stussa dei litt på akkurat det.

Noko ein gjer i lag

– Vi eig garden 50/50 og jobbar begge med han, og det har vi jobba mykje med å kommunisere ut. Vi er opptekne av likestilling i landbruket og synest ofte både media og bøndene sjølv er for dårlege til å prate om korleis det å drive ein gard i mange tilfelle er noko begge eller fleire gjer i lag, seier Dina.

– Eg vaks jo sjølv opp på garden og veit at det utanfrå såg ut som det var pappa som dreiv han åleine. Sanninga er at mamma og pappa eigde halvparten kvar, og begge jobba 100 prosent med garden, legg Henning til.

Då potetane var oppe av jorda og det vart klart at Henning hadde kome til finalen, delte Dina eit innlegg på sosiale media om kor stolt ho var av mannen sin og oppmoda vener og kjende om å stemme på han. Det tok ikkje lange tida før mange av dei reagerte og lurte på kvifor ikkje ho òg var nominert.

– Det var ganske herleg å sjå at folk har fått med seg det vi prøver å seie og reagerer, seier ho.

Henning kontakta Norges Bygdeungdomslag og forklara at dei eigentleg burde ha vore nominert i lag. Dei har alltid vore eit team om dette, og det kjendest heilt feil at berre han skulle få heile æra, anten han vann eller er ei.

– Eg trudde det var for seint når det allereie hadde gått så langt som til finalen, men tenkte at det om ikkje anna kunne vere viktig for framtidige nominasjonar, innrømmer Dina.

Både ho og Henning vart overraska då svaret kom så raskt. Det høyrdest heilt rett ut, så då vart det sånn.

Fyrste felles vinnarar

Overraska vart dei òg under utdelinga på Bogstad Gård i Oslo i november i fjor. Dina hugsar at ho la merke til at landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) prata om vinnaren i eintal. Då forsvann håpet om å vinne, men ho var framleis godt nøgd med å ha kome til finalen. Henning ga ikkje opp riktig enno.

– Eg skjønte det nok litt før Dina, trur eg, seier han og ler. Dina ler og nikkar stadfestande.

Etter at Bollestad hadde annonsert historias fyrste felles vinnarar, sa ho at «Dina og Henning på Engeløya i Steigen er flotte representantar for norsk landbruk og verdige vinnarar av Årets unge bonde 2020. Dei er nytenkjande og viser eit pågangsmot som norsk landbruk treng.» Juryen la vekt på at ekteparet har gjort ei rekke tiltak for å kutte matsvinnet og gjere landbruket på garden meir berekraftig etter at dei tok over i 2018. Det er Dina og Henning stolte av.

Årets unge bonde 2020

Potetbøndene frå Engeløya i Steigen kommune, Norland, Dina Fonn Sætre og Henning Andreas Holand er det fyrste paret som fekk prisen «Årets unge bonde» i 2020.

Berre reint folkevett

–Det er veldig mange som etterstrevar å inkludera berekraftomgrepet i bedrifta si og mange som vil smykke seg med det ordet. For oss har det falt seg veldig naturleg å jobbe mot eit meir berekraftig landbruk, seier Dina.

Ho fortel at dei fekk heilt vondt av å sjå at meiningslause malar eller menneskeskapte standardar er den einaste grunnen til at ein sorterer ut og kastar så mykje som 40 prosent av maten.

– Når ein jobbar så hardt for å skape eitt produkt, kjenst det berre som sunn fornuft å gjere noko med det meiningslause svinnet. Berekraft er jo eigentleg reint folkevett, seier Dina.

Kvar nordmann kastar i snitt 1,2 kilo potetar i året, men det talet inkluderer berre dei potetane vi kjøper i butikken. Ifølge NRK-dokumentaren «Det skjulte matsvinnet» frå 2019 vert så mykje som kvar tredje potet kasta før dei i det heile tatt får sjansen til å bli kjøpt, ete eller kasta av oss forbrukarar. Difor handlar mykje av jakta på eit meir berekraftig landbruk om å redusere matsvinnet i alle ledd, forklarer ekteparet.

Då dei ferske potetbøndene skjønte at dei var forventa å kaste ein stor del av potetane dei hausta fordi dei anten var for små eller for store, vart dei rett og slett sjokkerte. Noko måtte gjerast.

Fekk småpotetane i butikk

Det fyrste dei tok tak i, var småpotetane, dei som veg under 30 gram. Dina må le litt oppgitt når ho pratar om korleis dei same potetane som seljast dyrt på restaurantar i Oslo liksom ikkje skulle vere gode nok for folk flest. Det gjer ikkje meining, som ho seier. Så bøndene selde småpotetane i gardsutsalet sitt og dei prata mykje med venner, kollegaer og andre kjente både i Nord-Noreg og i Oslo.

– Vi merka fort at dette trefte noko i folk. Ingen ville kaste desse potetane. Og det same med potetane som er for store, seier Dina.

Gardsutsalet gjekk bra, men dei ville redda fleire poteter. Difor tok dei kontakt med Coop Norge, som var interessert. Dei fekk midlar frå Innovasjon Norge til å utvikle ein ny emballasje og starta eit prøveprosjekt for å selje minipotetane i Coop-butikkane, fyrst i Nord-Norge, så i heil landet. Det har vore ein suksess, og bøndene trur det er eit klart prov på at forbrukarane gjerne et potetar som ikkje er heilt innanfor standardmåla. Det er jo ikkje noko gale med dei sjølv om dei veg nokre gram mindre eller meir enn standarden, seier Dina.

«Prosjekt X»

Henning og Dina møtte kvarandre mens dei studerte på universitetet i Ås. Han er frå Steigen, ho frå Stord, men etter kvart busette dei seg i Oslo i lag. Dei har framleis leilegheita i Barcode i Oslo, kor dei bur og jobbar nokre månader om vinteren kvart år. Ho som landskapsarkitekt i Norconsult, han som prosjektleiar i Implenia.

– Eg hadde ikkje trudd at Dina ville flytte nordover. Vi hadde det jo veldig fint i Oslo, seier Henning.

Men foreldra hans skulle selje garden, og Henning og Dina skulle hjelpe til litt med Finn-annonsa. Plutseleg såg dei alle dei positive sidene ved garden og skjønte at dette var den eine sjansen dei hadde til å teste livet som bønder.

– Det var forlokkande med eit meir sesongvariert liv. Vi har alltid tenkt at vi utfyller kvarandre godt og ville vore eit bra team, så vi grubla og dagdrøymte lenge om det vi kalla «Prosjekt X». Vi visste ikkje kva det skulle vere, men såg for oss at vi kanskje kunne ta oss fri frå jobben og kanskje reise litt, seier Dina.

Kanskje garden var «Prosjekt X»? Dei kjøpte garden og gav seg sjølv to år til å finne ut om dette var noko for dei. Det var det altså.

Årets unge bonde 2020

Potetbøndene frå Engeløya i Steigen kommune, Norland, Dina Fonn Sætre og Henning Andreas Holand er det fyrste paret som fekk prisen «Årets unge bonde» i 2020.

Hadde ikkje vunne utan han

Hausten er alltid ei travel tid, men i år blir det ikkje berre potetane som vil krevje åtgaum og omsorg. Den 1. august fekk Dina og Henning ein son. Heldigvis har dei fire tilsette på garden, to av dei er på arbeidsførebuande trening gjennom Nav.

– Dei er kjempeflinke, og vi hadde ikkje klart dette utan dei, seier Henning.

Ein av dei som har jobba på garden lenge, 11 år, er Bogdan. Han veit det ikkje enno, men han skal få ekstra stor glede av ein del av premien dei fekk som vinnar av Årets unge bonde 2020.

– Bogdan og kona gifta seg i fjor, men fekk aldri dratt på bryllaupsreise. Difor har vi snoka litt i kva reiseynske dei har. Det er Island og Aten som står øvst på ynskelista, så då får dei størsteparten av reisestipendet, fortel Dina.

– Vi hadde aldri fått prisen utan Bogdan, og vi tek han jo vekk frå kona veldig mykje av året, sidan ho bur i Ukraina. No meiner vi verkeleg at dei fortener kvalitetstid i lag.

Årets unge bonde

  • Kåringa er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonald’s Norge og Felleskjøpet Agri
  • Føremålet er å auke rekrutteringa til norsk landbruk og sette fokus på produksjonen av norsk kvalitetsmat
  • For å bli Årets unge bonde må ein vere matprodusent, under 35 og eit sunt førebilete som kan inspirere fleire kloke hovud og driftige hender til å finne vegen til norsk landbruk
  • Vinnarane i fjor fekk eit reisestipend på 20 000 kroner, avløyser i ei veke og eit gavekort på 10 000 kroner hos Felleskjøpet
  • Prisen vart fyrste gong dela ut i 2010 og sidan oppstarten har fleire enn 3500 unge bønder blitt nominert i konkurransen, som reknast som svært viktig for rekruttering til landbruket