Aust for Forollhogna og vest for Glomma, mellom Tynset og Røros, ligg staselege gardar og gamle tømmerstoger. Her nord i Østerdalen er seterkulturen framleis levande.
Øistein Aasen (33) frå Vingelen i Tolga kommune trur det er noko av grunnen til at han vart kåra til Årets unge bonde i november i fjor, då han gjekk heilt til topps blant dei rekordmange 987 nominerte.
Ynskjer å satse
– Det var ordentleg overraskande, og eg kjente meg veldig audmjuk. Det er jo ei nesten håplaus oppgåve, seier han om det å bli valt ut blant så mange nominerte.
Øistein driv den vesle fjellgarden Utistu i lag med kona Inga og foreldra sine. Her rår dei over 220 mål dyrka mark, 18–19 mjølkekyr og ei mjølkekvote på 110 tonn.
Med sigeren vart Øistein den fyrste bonden frå det som då heitte Hedmark fylke til å ta i mot prisen.
– Det er veldig artig at ein frå fjellandbruket kan vinne, seier han.
Akkurat kvifor det vart slik, veit han framleis ikkje sikkert.
– Eg føler ikkje at eg er fagleg sterkare enn andre, men eg har veldig trua og ynskjer å satse, kanskje på ein litt annleis måte, seier han.
Tradisjonar og framtid
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad sa følgjande då ho dela ut prisen på Ung bonde-samlinga til Felleskjøpet på Lillestrøm i november:
– Øistein er ein god representant for norsk landbruk og eit viktig førebilete gjennom fokuset hans på både å ta vare på tradisjonane og samstundes å tenke framover. Saman med familien jobbar han for å utvikle garden og opne han opp, slik at fleire kan lære meir om korleis maten blir produsert og få ta del i og nyte godt av arbeidet som blir gjort der.
Satsar på seter
At tradisjonar er viktig for den unge bonden, er det ingen tvil om. Kanskje ikkje så rart, sidan han er ellevte generasjon som driv garden på Utistu.
Mjølkebonden satsar tungt på setring og har nyleg bygd ut med nytt seterfjøs og produksjonslokale.
Samstundes driv dei med mykje nytt, mellom anna turisme, for å utdanne folk og utvide drifta. Dei har eige ysteri og serveringslokale, kor dei både leiger ut og serverer. Det er au mogleg å overnatte på fjoset.
– Men det er setra som er hjartet i bedrifta, og dyra er på fjellet heile sommaren, seier han.
Øistein er oppteken av dyrevelferd og at norske bønder skal produsere og levere trygg og god mat. For å redusere bruken av kraftfôr mest mogleg, er det heilt sjølvsagt for mjølkebonden å satse på setring. Det gjer også at han får utnytta beitemarka best mogleg.
Det har blitt enda enklare no som dei har erstatta dei fysiske gjerda med digitale klavar og virtuelle gjerde.
– Nofence er ein revolusjon for oss i landbruket. Det er heilt utruleg, seier han.
Eit godt førebilete
Bollestad trekte fram Øistein som eit svært godt førebilete for den kommande generasjonen bønder. Han har tidlegare jobba som lærer og brenn for å gi barn og unge som slit på skulen trua på seg sjølv. Difor tar han imot skuleelevar gjennom heile året. På Utistu får dei prøva seg på gardsarbeid og dreg ofte heimatt med mykje ny kunnskap og ein god dose mestringsfølelse.
Bonden sjølv meiner det er han som er den heldige.
– For meg er det å vere bonde den aller finaste jobben ein kan ha, og eg er heldig som får lov til å vere nær dyr og natur kvar dag og produsere mat på lokale ressursar av høg kvalitet.
Hadde gledd seg til Dyrsku’n
Dei siste åra har det vore tradisjon at Årets unge bonde held eit foredrag på Dyrsku’n, og det var planen i år au, heilt til dette viruset sette verda litt på hovudet.
– Eg hadde gledd meg veldig til å ta med heile gjengen, for korkje kona eller ungane har vore der før, seier han.
Tolgingen sjølv gjekk faktisk på folkehøgskule i Seljord og har vore på Dyrsku’n to gonger, og det gav meirsmak.
– Eg er så imponert over folk i Telemark, over kor stolte dei er av tradisjonane sine, seier han og tar til å skryte over kulturen og handverket.
– Det er mykje meir kultur og fint handverk her, meir utsmykking og detaljar. Her i Nord-Østerdalen er ting litt enklare gjort, kanskje fordi vi stort sett har nok med å halde oss varme, ler han og avsluttar:
– Sjølv om det ikkje blir noko Dyrsku’n i år, håper eg at eg blir invitert att neste år.