maskin og anlegg på dyrsku'n

Dyrsku'n er perfekt for deg med interesse for maskin og anlegg. Med over 100 store og små aktørar blir anleggsutstillinga på om lag 25 dekar det største fagområdet på messa. Her møtast anleggsbransjen, dedikerte kjøparar og nysgjerrige besøkande. Messa har utstillarar som leverer ei stor breidde produkt, og det vert omsett for opp mot hundre millionar i samband med arrangementet.

Maskin og anlegg blir meir og meir viktig for norske bønder, og isolert sett er dette segmentet som har størst omsetnad på messa. Det er kanskje ikkje så rart når ein tek omsyn til verdien på produkta. Likevel, mange kjem til Dyrsku’n for å sjå på haustens nyheiter eller for å avslutte ein planlagt handel. Anleggsutstillinga har dei siste åra vakse i rekordfart, og antal utstillarar aukar år for år. Her kan du finne representantar frå store deler av Sør-Noreg, og alle moglege produkt frå lastebilar til ved- og skogmaskiner.

Handel i ei uformell setting

Dyrsku'n er ein optimal arena for utstillarar for å møte kunden i ei uformell setting. Vil du få med deg store anleggsmaskiner og dei siste nyheitene, bør du ta turen til Seljord.

I over 150 år har handels- og landbruksmessa, folkefesten og fesjået Dyrsku'n samla over 90 000 menneske årleg frå heile Sør-Noreg. Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane. 
Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon, samstundes som statsagronom Johan Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord. Slik vart Dyrskuhistoria til.

I dag er det ein møtestad og kunnskapsarena med alt frå omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner i stor målestokk, kniv- og klokkehandel til lokalmat og ei husflidutstilling med utstillarar frå heile landet. Dyra finn du sjølvsagt fortsatt her. Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku'n, som alltid startar 2. fredag i september!  

KJØP BILLETTAR TIL DYRSKU'N HER!


Ynskjer du å vite meir om anleggsutstillinga eller Dyrsku'n generelt?

Meld deg på vårt nyheitsbrev og bli den første til å motta nyheiter og oppdateringar.


Har du ikkje vore på Dyrsku'n tidlegare? Sjå her kva du kan oppleve!