Noregs største handelsplass

Det er få ting som kan samanliknast med Dyrsku'n i Seljord når det gjeld handel og gode tilbod. Opplev Noregs største handelsplass du og! 

I over 150 år har Dyrsku'n vore ein foretrukken handelsplass for mange nordmenn. Det som starta som eit fesjå for Telemarkskyri har utvikla seg til å bli ein av Noregs største marknader. Opp mot 750 utstillarar stiller villig opp på Dyrskuplassen tri dagar i september. Her skjer nokre av årets største handlar for mange av bedriftene som er representera. 

500 000 000 i omsetning 
Det blir omsett for kring ein halv milliard i samband med Dyrsku'n. Store og små aktørar sparer sine beste tilbod til Dyrskuhelga, slik at du som gjest skal få ein heilt unik handelsdag.