Opplev den gode Dyrsku-handelen!

Mat- og landbruksmessa Dyrsku'n i Seljord feira 150 års-jubileum i 2016. Med over 90 000 besøkande kvart år på berre ei helg(!), kan ein trygt sei at messa har skapt seg eit godt og solid rykte. Det mange kanskje ikkje veit er at arrangementet også er ein av landets største handelsplasser, og det blir omsett for utrulege 500 millionar i samband med Dyrsku'n.

740 utstillarar og Noregs største handelsmesse

Opp mot 740 utstillarar frå heile landet samlast på Dyrskuplassen ei helg i september. Her får publikum møte både store og små aktørar som presenterer årets nyheiter og sine beste tilbod. For det er nettopp det Dyrsku'n handlar om; både publikum og utstillarar søkjer etter den gode Dyrsku-handelen, og publikum elskar å tusle rundt blant bodane for å sjå, bli inspirert og engasjert. 9 av 10 besøkande handlar på messa, og over 80 prosent av utstillarane er gjengangerar. Dette gjer Dyrsku'n helt unik! Med sitt breie spekter av utstillarar har messa eit utval som passar dei fleste. Her kan du handle alt frå matomnar, peisar, bilar, tekstilar og keramikk, til eit mangfald av ulike matprodukt og landbruks- og anleggsmaskinar.

Hald deg oppdatera på Dyrsku-tilboda du også

Det er ikkje berre denne eine helga i september Dyrsku'n fungerar som ein plattform for produsentar og konsumentar. Dyrskun.no blir jamleg oppdatert med nyheiter og relevante saker. Som abonnent på vårt nyheitsbrev blir du oppdatera på spennande nyheiter og innhald frå Dyrsku'n og våre fantastiske utstillarar.

Billettar kan kjøpast her.

Ynskjer du å stille som utstiller i år? Les meir her.