Dyr for borna

Born + dyr = kjærleik
På Dyrsku'n er moglegheitene store for mange gode møte mellom born og husdyr. 

På Sterke Nils-tunet møter du dyra i eit gamalt gardsmiljø, der foring og mjølking skjer på gamlemåten. Her kan borna få vere med å mjølke geitar eller vere med å pusse og stelle Fjordhest. I Husdyrhallen møter dei dyra i eit moderne fjos, med alt frå store seminoksar til små kyllingar. På Ridebanen kan ein ri ponniar både laurdag og sundag, og i Fjoset kan ein sjå dei gjevaste av storfe, geiter og hestar bli vurdert og premiera. På Fjoset vil borna mønstre kalvane sine og vise kva dei har øvd på gjennom heile sommaren. 

Lurar du på korleis man får mjølk? Eller gjer det vondt for høna å legge egg? Utforsk dette på Veslestaulen, vår eigen staule for born og nysgjerrige vaksne.

På Dyrsku’n kan du møte desse husdyra: Kyr og kalvar, oksar, hestar og ponniar, høner og kyllingar, geiter og kje, gris, bier, kaninar, lama, pelsdyr og sauer.

Følg oppdatert program for aktivitetar for borna her.

Annonse
Samarbeidspartner Dyrsku'n Sparebanken DIN