Husdyrutstillinga

Tara vert kåra til beste Telemarksku, beste ungku og Dyrskubjølla
På Dyrsku'n pågjeng det husdyrutstillingar i 3 dagar til ende og om lag 200 husdyr blir mønstra, vurdert og premiert. 

Her møter stolte bønder frå store delar av Sør-Noreg med sine beste husdyr for å få dei vurdert og motta heider og ære. Husdyrutstillingane er kjerna i arrangementet og det heile starta i 1866 med utstilling for å styrke avlen av Telemarksfe.

Vi arrangerer følgjande husdyrutstillingar / mønstringar i det ærverdige Fjoset: 

Fredag: 

  • Døming og utstilling av ku
  • Døming og utstilling av geit
  • Døming og utstilling av kjøttfe
  • Kalvemønstring
  • Kumønstring for ungdom 
  • Geitemønstring for ungdom
  • Eksteriørtevling av ku 
Laurdag: 
  • Landsutstilling for hopper og vallakar – alle rasar utanom islandshest
  • Hesteoppvising 
 Sundag: 
  • Landsutstilling for unghest - alle rasar utanom islandshest