Sterke Nils-Tunet

I det gamle gardstunet på Sterke Nils-tunet, går du tilbake i tida og der kan du møte dei vanlegaste av dei gamle husdyra våre

I Fjoset finn ein Telemarkskyr i dei gamle trebåsane, her blir dei fóra og mjølka på gamalt vis, mjølka blir separera og sendt til Ystebua for kinning og ysting. I Sterke Nils-tunet kan ein følgje produksjonen frå fjos til bord, og smake på nykinna smør og ny-ysta ost av beste kvalitet. Borna kan få prøve å lage sitt eige smør av fløyten frå kua. 

I stallen på Sterke Nils-tunet finn ein Fjordhesten, her kan ein vera med å pusse og stelle hesten slik at den kan vise seg frå si beste side under Dyrskudagane. Ein kan óg lære om skoing, klypp av man og påseling og påsaling av Fjordhest. 

Geitene må mjølkast, og vil du vere med og prøve, så er det lov! Grisar og høner høyrer sjølvsagt til i det gamle gardstunet og du møter dei alle i Sterke Nils-tunet. 

På ein gamal gard måtte ein vere sjølvhjulpen, i Sterke Nils-tunet kan ein stifte nærare kjennskap til gamle handverks-aktivitetar som smiing, halmbinding, tjørebrenning, hovslaging, skinntrykk, bøting av fiskegarn, tråsløyd og  gamle motorar og maskiner.