Tidlegare vinnarar av prisar

Kniv, Stimuleringspris - Dyrsku'n 2017
Heidersprisen, Stimuleringsprisen og Nyskapingsprisen delast ut under Husflidustevlinga på Dyrsku'n. Her finn du oversikt over tidlegare vinnarar.

Heidersprisen 

Heidersprisen skal gå til ein eller fleire personar som over lengre tid har gjort ein innsats utover det vanlege innan husflidsfeltet.
Prisen er eit diplom og gåve gjeven av Dyrsku'n. 

Mottakarar:

2018: Annemor Sundbø, som formidlar av kultur og tradisjon knytt til tekstile teknikkar
2017: Ingen utdeling
2016: Knut Buen, Tuddal, for sitt engasjement og merksemd rundt rosemåling
2015: Aslak Aanund Aabø, Kviteseid, for sylvarbeid
2014: Gunvor Mandt, Vrådal, for veving
2013: Ingebjørg Neset, Rauland/Skien, for rosemåling og dreiing 
2012: Ingen utdeling 
2011: Borghild Telnes, Seljord, for sin innsats som leiar for husflidstevlinga på Dyrsku'n gjennom mange år 
2010: Helge Bjørn Lønnestad, Seljord, for mangeårig innsats innan tevlinga/utstillinga
2009: Ingen utdeling
2008: Eivind Strondi, Morgedal, som grunnleggar av husflidstevlinga på Dyrsku'n
2007: Leif Reiersen, for å ha sendt inn arbeid til husflidstevlinga gjennom mange år
2006: Solveig Nordgarden, Seljord, for sin innsats som leiar for husflidstevlinga på Dyrsku'n gjennom mange år 
2005: Knut Heggtveit, Seljord, for mangeårig deltaking med sine kubbestolar. Kurshaldar og dommar i kategorien tre på Dyrsku'n
2004: Håvard Bergland, Hamar, for si deltaking på Dyrsku'n gjennom 30 år
2003: Nils Graudo, Voss, for si deltaking på Dyrsku'n gjennom 20 år innan fleire kategoriar


Stimuleringsprisen 

Prisen går til ein utøvar som utmerkar seg med framifrå arbeid innan feltet. Prisen skal vere ei oppmuntring til den gode handverkaren som arbeider i ein tradisjon og vidarefører denne. Husflidsutstillinga ser det som svært viktig å verdsette handverkarar som arbeider innanfor smale felt og å vise desse teknikkane for publikum.

Prisen er på kr. 5000,- og eit diplom gjeve av Dyrsku'n.

Mottakarar: 

2018: Ronja Revilla Fagerheim for handveske
2017: Asbjørn Skogjordet for staskniv 
2016: Bendik Nilsen Bergendal for smiing
2015: Marie Ridderhus for emaljera brosje i sylv
2014: Ann Iren Kamfjord for veske i tekstil
2013: Tone Trydal for sylvarbeid
2012: Benita Tornholm for tekstilbilder
2011: Geir Morten Kåsastul for rosemåling 
2010: Anne Lise S. Hørtha for sylvarbeid
2009: Ingen utdeling
2008: Kjetil Aalandslid for sylvdåser
2007: Harriet Kilane Garborg for tekstilbroderi
2006: Jan Jonsson for kniv
2005: Ingen utdeling
2004: Ingen utdeling
2003: Halvor Grasdalen for sin kubbestol i tre
2002: Terje Anders Granås for sitt smidde kross

Nyskapingsprisen

Nyskapingsprisen vert delt ut under mottoet "Nye skot fra gamle røter".

Denne prisen skal legge vekt på:
Arbeidet skal ha røter i handverk- og husflidstradisjonane våre
Arbeidet skal vise noko nytt i høve til gamle tradisjonar ved t.d. å ha nye bruksfunksjonar, ny design i høve til dekor og form, eller nye kombinasjonar av teknikkar
Arbeidet skal vise husflid tilpassa vår eiga tid
Arbeidet skal ha god teknisk utføring
Arbeidet skal ikkje vere kopi av gamalt handverk
Prisen er på kr. 5000,- + diplom gjeven av Norges Husflidslag

Mottakarar: 

2018: Ingen utdeling
2017: Marianna Brilliantova for sine ringar i sylv
2016: Kristin Holte for veggfrise etter gamal kritkroting i tekstil
2015: Anlaug Buen for stuttstakk
2014: Ingen utdeling
2013: Ingen utdeling
2012: Odin Brubakken for smidd bolle
2011: Ingen utdeling
2010: Erik Gjendem for smidd stol
2009: Ingen utdeling
2008: Lars Kristian Bronken for "peishyllekniv"
2007: Marit Bugge/Karl Fredrik Dahl for "Marits veske" i tre
2006: Roar Kjær-Olsen for trebollen "Viking"
2005: Marit Dianne Berg for "Non-Stop hest" i tre
2004: Gunn Evensen for sin jakke i tekstil
2003: Andrea Holm for sin tova bordløpar og Terje Anders Granås for smijernskanne
2002: Elin Bollerud for sitt halssmykke i tekstil
2001: Birgit Marie Grytangen for krakk i tre og Anne Botten Stokke for kåpe i tekstil

 
Norges husflidslag - Diplom for godt handverk

Diplomet vert gjeve til utøvarar som utmerkar seg i tevlinga. Opp til tre diplom kan delast ut under kvar tevling. 

Mottakarar: 

2018:
Eva Eilertsen for rosesaum til Tinn-bunad
Monica Kjellman-Chapin for smidde vegg-ur
Birger Bergland for kubbestol i sølvlønn

2017:
Anne Katrine Rønning for karde/halslinning i beltestakk-tradisjon
Hege Iren Aasdal Wien for veske i pilfletting
Dina Tovseth Skomdal for kjole i ull med lærbroderi

2016:
Dina Harkmark Lie for sko i lær 
Alf Thorsen for brukskniv 
Helga Fahre Bergland for brodert brureskjorte

2015:
Rikke Kåsa for dreglelue/dåpslue 
Magne Aafløy for laminert knivblad 
Daria Ryndak for sylvringar 

2014:
Rolf Bauge for staskniv
Iljen Honstad for kniplingsarbeider 
Irene Thorsrud Eik for dansekjole

2013:
Anne Botten Stokke for linskjorte
Inger Marit Bjordam Dalen for neverkonte 
Steen Nielsen for hoggjern

2012:
Randi Nicolaisen for plattsøm til bunadskjorte
Rolf Bauge for kniv 
Helge Gunnar Bjaaland for skipskiste i tre

2011:
Leif Reiersen for staskniv
Kari-Anne Pedersen for tekstil 
Edel Frotveit for dåpskjole