Husflidtevling

Husflidstevlinga på Dyrsku'n
Den årlege husflidstevlinga på Dyrsku'n speglar dei rike husflids- og handverkstradisjonane våre, og har som siktemål å syne fram både kvalitet, mangfald, tradisjon og nyskapning. Samtidig skal tevlinga stimulere til kunnskapsformidling og auka rekruttering.

Dyrsku'n feira 150 år i 2016, og får kvart år besøk av over 90.000 gjester og 750 utstillarar. Innan husflid og handverk har det vore tevla sidan 1963, då med hovudsakleg fokus på tradisjonelt handverk, gjerne knytt opp mot landbruket. 

Gjennom Husflidstevlinga Dyrsku'n 2018 skal vi ta vare på denne tradisjonen, like mykje som målet er å stimulere til nyskaping og rekruttering, samt å ha fokus på kvalitet.

Dei beste produkta frå tevlinga vert stilt ut i Hall B under Dyrsku'n saman med årets særutstilling. 

Vi ynskjer med dette å invitere til deltaking i Husflidstevlinga og -utstillinga Dyrsku'n 2018.

Påmeldingsskjema og rettleiing til årets tevling finn du her. 

Kven kan delta? 

Både dei som har handverket sitt som hobby og dei som driv profesjonelt er velkomne til å delta. Elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon er særs velkomne til å bidra.

Kvifor delta?

Du får produktet ditt vurdert av ein fagjury og du får konstruktive tilbakemeldingar. For å sikre fagtyngda i dette arbeidet har Dyrsku'n eit samarbeid med Norges Husflidslag. I tillegg vil det å delta vere med på å marknadsføre og synleggjere deg som handverkar og produsent.

Påmeldings- og innleveringsfrist er fredag 24. august.

Arbeid og skjema sendest til Dyrsku'n Arrangement AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord.


Våre prisar: 
  • HEIDERSPRISEN skal gå til ein eller fleire personar som over lengre tid har gjort ein innsats utover det vanlege innan husflidsfeltet
  • NYSKAPINGSPRISEN vert dela ut under mottoet "Nye skot frå gamle røter". Prisen er ein gåvesjekk på kr. 5000,- samt eit diplom
  • STIMULERINGSPRISEN vert dela ut til ein handverkar som utmerker seg med særs godt arbeid. Prisen er ein gåvesjekk på kr. 5000,- samt eit diplom
  • DIPLOM FOR GODT HANDVERK blir dela ut av Norges Husflidslag, og kan bli dela ut til opp til tre deltakarar

Alle prisane er eit heiders- og kvalitetsstempel, og blir gjeve til inspirasjon for vidare arbeid. 

Relaterte Artiklar