Ynskjer du å få bedømt produktet ditt av ein fagjury? Sjå kategorier for 2020 her!
Verdt å merke seg:
- Rekruttklassene er for elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon.
- I kategorien for tekstil er det lagt til ei ny klasse som heiter tradisjonstekstil. Denne klassa er for t.d. bunader, flate tekstilar, kopiar av museumsgjenstandar og andre tradisjonelle tekstilar. I denne klassa må dokumentasjon leverast.
- Det er og oppretta ei open klasse i alle kategoriar. Denne klassa er for dei produkta som ikkje passar inn i dei andre klassene.
- Klassa lasering/dekormåling i kategorien for rosemåling er for dei meir utradisjonelle arbeida innan rosemåling, og nytenking og samtid er gode stikkord.
- I kategorien smiing skal det sendast inn knivblad til knekking.
TRE
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse
Undergrupper: Treskjering, dreiing, møbel, andre teknikkar (lagging, sveiping, neverarbeid, el.l.)
TEKSTIL
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, tradisjonstekstil, open klasse
Undergrupper: Maskearbeid, toving, brodering, vev, saum, bunad, eksperimentell form
SYLV
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse
Undergrupper: Filigransarbeid, gravering, smiing/korpus, smykke, eksperimentell form
ROSEMÅLING
Klasser: Rekrutt, rosemåling, lasering/dekormåling, open klasse
Undergrupper: Møblar, pyntegjenstandar, bruksgjenstandar, el.l dekorert med utgangspunkt i rosemåling
SMIING
Klasser: Rekrutt, eggverktøy/verktøy, open klasse
Undergrupper: Verktøy, eggverktøy, brukskunst, skulpturar, el.l.
KNIV
Klasser: Rekrutt, brukskniv, staskniv, open klasse
Ingen undergrupper