Påmelding til husflidstevlinga 2018

Husflidstevlinga på Dyrsku'n
Frist for påmelding til årets Husflidutstilling er fredag 24. august! Meld deg på her!

Last ned påmelding og rettleiing til Husflidstevlinga 2018 her. 

Det er viktig med rett utfylte påmeldingsskjema, med flest mogleg detaljar for å få ei god bedømming av produktet. Det skal vere 1 påmeldingsskjema pr. produkt. Alle punkt merka med raud stjerne må fyllast ut.


Skal arbeidet hentast/sendast

Skriv om arbeidet vert henta eller om det skal sendast. Vi oppmodar deltakarane til å hente innsendte arbeid, men større arbeid MÅ hentast. 

Tidspunkt for henting: 

Sundag 16.september kl. 17.00 - 20.00
Måndag 17.september kl. 09.00 - 16.00
Tirsdag 18.september kl. 09.00 - 16.00
Arbeid som ikkje vert henta, vil bli sendt i posten. 

Klassane 
Rekruttklassene er for elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon. 

I klassane for formgjeving (i kategoriane tre, tekstil og sylv) og klassane for kunstsmiing/eksperimentell form (i kategorien smiing) må utøvaren ha vore med i prosessen frå ide til ferdig arbeid. Dette må dokumenterast gjennom skisser, foto, utprøvingar m.m.

I klassene for handverk (i kategoriane tre, tekstil og sylv) er det ikkje sett krav til at utøvaren skal ha komponert mønsteret/malen til arbeidet sjølv. 

I klassa eggverktøy/verktøy (i kategorien smiing) skal det sendast inn eit blad til knekking. 

Det er oppretta ny klasse for tradisjonstekstil i kategorien tekstil. Her kan du sende inn til dømes bunad, flate tekstilar med rot i gamle, norske tradisjonar, kopi av museumsarbeid m.m. Her er det obligatorisk å sende med dokumentasjon, så dommarane kan bedømme ut i frå riktig grunnlag. 

I alle kategoriar er det no oppretta open klasse for dei produkta som normalt sett ikkje passar inn i dei ordinære kategoriane.

Type gjenstand
Ei kort omtale av gjenstanden du sender inn til dømming.

Produksjonsår
Arbeidet må vera utført og ferdigstilt i løpet av åra 2016 - 2018.

Prisanslag på arbeidet 
Arbeida er ikkje forsikra gjennom Dyrsku'n, men prisanslag er likevel viktig med omsyn til postgang og forsikring her.

Materialliste
Vi treng oversikt over kva materialar du har bruka i arbeidet ditt.

Teknikkar
Forklar kva for teknikk/teknikkar arbeidet er laga i. Døme: broderi, vev, dreiing, smiing, m.m. Bruk av maskinelt verktøy skal nemnast. 

Kort arbeidsbeskrivelse
Jo fleire opplysingar dommarane har, jo betre grunnlag har dei for å kunne bedømme produktet. Bruk gjerne eige ark ved behov. 

Evt. andre opplysingar 
Dersom det er opplysingar som ikkje har kome fram andre stader i skjemaet, kan du skrive dei i denne rubrikken. Bruk gjerne eige ark ved behov.