Rettleiing til påmelding

Klokker i smijern av Monica Kjellman-Chapin
Her finn du rettleiing og reglement for Husflidstevlinga på Dyrsku'n.

Det må fyllast ut eitt skjema pr. produkt. Eit godt og korrekt utfylt skjema vil gje grunnlag for ein best mogleg vurdering av arbeidet ditt. Vær difor vennleg og fyll ut så mange opplysingar som mogleg.

Reglement

  • Alle arbeid må vere påmeldt av utøvar. Ved fleire utøvarar må dette førast i påmeldingsskjemaet.
  • Arbeida må vere utført i perioden 2017 - 2019.
  • Arbeid kan vere utstilt tidlegare, men ikkje i ein konkurranse. 
  • Eitt arbeid kan ikkje vere påmeldt i fleire klasser.
  • Dommarane sine avgjersler er endelege.
  • I dei opne klassene, samt klassene for formgjeving, må utøvarane ha vore med i prosessen frå idé til ferdig arbeid. Dette må dokumenterast gjennom skisser, utprøvingar m.m. 
  • Dokumentasjon må leverast i klassa for tradisjonstekstil.
  • I klassa for eggverktøy skal det sendast inn eit blad til knekking. 

Anna informasjon

  • Bilde av innsendte gjenstandar kan bli bruka til marknadsføring.
  • Det tilkjem ei påmeldingsavgift på kr. 370,- som blir fakturert utøvar etter påmelding.
  • Arbeidet sendast til Dyrsku'n si postadresse.
  • Dei påmeldte arbeida er IKKJE forsikra gjennom Dyrsku'n Arrangement AS. Dersom du ynskjer å forsikre arbeidet ditt, må dette gjerast privat. Postgangen er forsikra gjennom Posten.
NAMN OG ADRESSE 
Ver nøye med at alle opplysingane er korrekte og at du fører på ei evt. e-postadresse. Skriv tydeleg!
Det er og eit eige felt med dei same opplysningane for ein evt. medprodusent. Begge produsentar vil då vere påmelde og likestilte under dømminga. 

KATEGORIAR MED KLASSER OG UNDERGRUPPER
Verdt å merke seg:
  • Rekruttklassene er for elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon. 
  • I kategorien for tekstil er det lagt til ei ny klasse som heiter tradisjonstekstil. Denne klassa er for t.d. bunader, flate tekstilar, kopiar av museumsgjenstandar og andre tradisjonelle tekstilar. I denne klassa må dokumentasjon leverast.
  • Det er og oppretta ei open klasse i alle kategoriar. Denne klassa er for dei produkta som ikkje passar inn i dei andre klassene. 
  • Klassa lasering/dekormåling i kategorien for rosemåling er for dei meir utradisjonelle arbeida innan rosemåling, og nytenking og samtid er gode stikkord.
  • I kategorien smiing skal det sendast inn knivblad til knekking. 
TRE 
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse
Undergrupper: Treskjering, dreiing, møbel, andre teknikkar (lagging, sveiping, neverarbeid, el.l.)

TEKSTIL
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, tradisjonstekstil, open klasse
Undergrupper: Maskearbeid, toving, brodering, vev, saum, bunad, eksperimentell form

SYLV
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse
Undergrupper: Filigransarbeid, gravering, smiing/korpus, smykke, eksperimentell form

ROSEMÅLING 
Klasser: Rekrutt, rosemåling, lasering/dekormåling, open klasse
Undergrupper: Møblar, pyntegjenstandar, bruksgjenstandar, el.l dekorert med utgangspunkt i rosemåling

SMIING

Klasser: Rekrutt, eggverktøy/verktøy, open klasse
Undergrupper: Verktøy, eggverktøy, brukskunst, skulpturar, el.l. 

KNIV
Klasser: Rekrutt, brukskniv, staskniv, open klasse
Ingen undergrupper 

Vurderings-skjemaet som dommarane brukar under dømming er utforma og tilpassa klassa det vert stilt i. I formgjevingsklassa vil t.d. form/komposisjon bli vektlagt høgare enn i handverksklassa. 

Motsett vil teknisk utføring bli vektlagt høgare i handverksklassa enn i formgjeving. Utøvar vel sjølv kva klasse produktet skal stillast i, men enkelte kriterium føreligg:
  • I klassa for formgjeving må utøvaren ha vore med i prosessen frå idé til ferdig arbeid. Dette kan dokumenterast gjennom skisser, foto, utprøvingar, m.m.
  • I klassene for handverk er det ikkje sett krav til at utøvaren skal ha komponert mønsteret/malen til arbeidet sjølv.
Vi gjer og merksame på at dommarane i sjeldne tilfelle har høve til å flytte gjenstandar frå ei klasse til ei anna under dømming, dersom dette kjem deltakaren til gode.

OPPLYSNINGAR OM ARBEIDET

Merk at arbeid som vert meldt på i tevlinga kan ha vore stilt ut før, men ikkje i ei premiert tevling eller utstilling. 
TYPE GJENSTAND:  Til dømes staskniv, vevd løpar, el.l.

PRODUKSJONSÅR: Arbeidet må vere utført og ferdigstilt i løpet av åra 2017 – 2019.

PRISANSLAG: Arbeida som vert levera inn til tevlinga er ikkje forsikra gjennom Dyrsku’n Arrangement AS. I postgangen er arbeida forsikra gjennom Posten. Eit prisanslag på arbeidet er likevel viktig både for postgangen sin del og dersom det er interesse for arbeidet ditt frå publikum.

MATERIALLISTE: Gje ei fullstendig liste over dei materiala som er nytta i arbeidet ditt. 

TEKNIKKAR: Forklar kva for teknikk/teknikkar arbeidet er laga i. Døme: broderi, vev, dreiing, smiing, m.m. Dersom særskilde teknikkar er bruka, bør desse nemnast. Dersom det er gjort bruk av maskinelt verktøy skal dette og nemnast.

KORT ARBEIDSBESKRIVELSE: Gje ein kort omtale av arbeidsprosessen din. Dersom det er behov, må du gjerne bruke baksida av skjemaet eller eit eige ark.
 
EVT. ANDRE OPPLYSNINGAR: Skriv inn utfyllande opplysningar om arbeidet som kan vere til hjelp for dommarane. Bruk baksida av skjemaet eller eige ark om naudsynt. I både handverks- og formgjevings-klassene legg du fram kva mønster som er nytta for arbeidet.
Dersom andre har vore involverte i prosessen og ferdigstillinga av produktet, skal dette nemnast.

SKAL ARBEIDET HENTAST/SENDAST: Skriv om arbeidet vert henta eller om det skal sendast. Større arbeid må hentast. Arbeid som ikkje vert henta, vil bli sendt som Norgespakke i posten. 

Tidspunkt for henting:  
  • Sundag 15. september kl. 17.00 - 20.00
  • Måndag 16. september og tysdag 17. september: begge dagar mellom kl. 09.00-16.00
Vi ynskjer å gjere deltakarar merksame på at produkta ikkje tevlar direkte mot kvarandre. Ved dømming av produkta kan det likevel oppstå eit element av samanlikning med omsyn til nivå på premiegrad.

Ved spørsmål, ta kontakt med:
Dyrsku'n Arrangement AS 
Eva K. Flatin
Utstillingsansvarleg husflid
tlf.: 906 07 875
husflid@dyrskun.no

Norges Husflidslag                                                  
Linda Thiis
Husflidskonsulent Buskerud
Fagansvarleg husflidstevlinga
tlf.: 412 87 169
buskerud@husflid.no