Premieutdeling

Diplom for godt handverk Dyrsku'n 2018 - Rosesaum frå Evy Eilertsen
Sundag 15. september er det duka for årets pris- og premieutdeling for deltakarane i Husflidsutstillinga – tevling i handverk & design i Hall B.


Frå kl. 14.00 vert det servert ein liten smakebit av lokalprodusert mat og drikke til årets deltakarar. Det er òg lagt til rette for hyggeleg prat både med kvarandre, med oss frå Dyrsku'n Arrangement AS og frå Norges Husflidslag. Det er siste moglegheit til å sjå årets Husflidsutstilling. 


Kl. 15.00 er det utdeling av premiar i tevlinga, samt utdeling av spesielle prisar. Det vil vere kulturelle innslag under utdelinga, og vi sørger for at det er godt med sitjeplassar.

Både deltakarar og anna publikum er hjarteleg velkomne til å sjå på utdelinga.