Årets matprodukt

Vinnar av Årets matprodukt Dyrsku'n 2018
Vi har glede av å invitere alle lokalmat-utstillarar på Dyrsku’n til å delta i tevlinga om Årets matprodukt på Dyrsku’n 2019.

Bilde: Vinnarar av Årets matprodukt 2018 - Romstad Gård

Målet med tevlinga er å inspirere til kreativitet innanfor produktutvikling basera på lokale råvarer og tradisjonar. Prisen er også ein viktig måte å løfte fram spennande produkt og produsentar.

Prisen blir dela ut under opningsprogrammet for Dyrsku’n, som startar fredag kl. 15.00 på Hovudscena i Fjoset. 

Kategoriar:

• Foredla produkt (foredla innanfor frukt, grønt, bær, kjøtt, fisk)
• Naturell (ubearbeida produkt innanfor frukt, grønt, bær, kjøtt, fisk)


Kriteria:

• Produktet, både naturell og foredla, må vere norske. Norske råvarer skal nyttast så langt det er råd og produktet må vere foredla i Norge.  
• Kvar produsent kan levere inn eit produkt i kvar kategori.
• Produktet skal vere basera på stadeigne råvarer og tradisjonar i kombinasjon med innovative grep.
• Det utvalde produktet skal ha marknadspotensiale og miljømessig berekraft.
• Emballasjen skal spegle produktets innhald og historie utan å dominere.
• Smaken skal harmonere med innhald og gje meirverdi.

Prisens innhald:
• Tildeling av diplom og gåvesjekk på kr. 5000,- til vinnar i begge kategoriar under opningsprogrammet på Dyrsku’n.
• Invitasjon til fri stand i Lokalmat-området påfølgjande år.
• Profilering på Dyrsku’n sine heimesider og i sosiale media.
• Standen blir markert med plakat/skilt som syner Årets matprodukt på Dyrsku’n.
• Klistremerke med «Årets matprodukt Dyrsku’n 2019» til å merke produktet.
• Presentasjon av vinnarproduktet i Lokalmat-kjøkkenet. 

Dommarpanel:
Nils Johan Fjeldahl - kokk, Bama. Jobbar no på Opplæringskontoret for lærlingar innan kokk og servitør i Telemark.
Hanne Frosta - kokk, tidligare eigar og driver av «Hanne på høyden», medlem av fora, Nordisk mat, Bergen fengsel avd. Osterøy.
Anne Jødahl Skuterud – styreleiar i Norske Felleskjøp SA og Felleskjøpet Agri.
Terje Dørumsgaard - Autodidakt dilettant, matbloggar (www.matartikler.com), matskribent, matbokforfattar, tidligare osteprodusent og produktutviklar. 
Svein Jæger Hansen – Reinsdyrkokken, viltgrillkokken, gründer bak Villmarksakevitten, forfattar bak Villmarkskokeboken som kjem ut i september 2019 - jobbar som kjøkkensjef på Scandic Meyergården Hotell gjennom 25 år.

For å  delta i tevlinga må ein sende inn påmeldingsskjema innan 1. september. Trykk her for å laste ned. 

Produktet må innleverast innved Lokalmat-kjøkkenet 13. september innan kl. 09.30

Vi oppmodar alle til å melde inn matprodukt til tevlinga og bli med i konkurransen om premiar og merksemd, heider og ære. 

Velkomen til deltaking !