Matlyst på dyrsku'n

Matlyst på Dyrsku'n i Seljord
Interessa for mat, og ikkje minst kunnskap og kjennskap til maten sitt opphav, er større enn nokon gong. 

Matlyst Dyrsku'n er ein kunnskapsformidlar innan landbruk og mat, med mål om å auke kunnskap og bevisstgjering rundt mat hjå publikum. Med sine lange tradisjonar som handels- og marknadsplass både når det gjeld dyr og mat har Dyrsku'n ein unik moglegheit til å vere ein formidlar av heile reisa frå jord til bord. 

Blant årets utstillarar ventes opp mot 100 ulike aktørar, både nye og dei med lang fartstid på Dyrsku'n. Alle er dei handplukka av arrangøren for å skape breidde og rett kvalitet på messa. 

Gjennom aktivitetar og demonstrasjonar både i Matkvartalet og på Sterke Nils-tunet, vil vi formidle matkunnskap, inspirere og bevisstgjere våre gjester. 

Den blinde ku

Profilering av lokalmatprodukt i Lokalmat-kjøkkenet og Ølbaren

Dyrsku'n ynskjer å løfte fram lokalmat-produsentar som er utstillarar på Dyrsku'n, ved å bruke utvalte produkt frå produsentane i menyar i Lokalmat-kjøkkenet og til ølsmakinga. På denne måten vil utstillarane få ein sjanse til å få profilert produkta og verksemda si på ein god måte. 

Det blir lagt ned eit grundig arbeid med rettane til Lokalmat-kjøkkenet, så fort påmeldingsfristen for Dyrsku'n er ute, startar planlegginga av menyar basera på produkta frå utstillarane. På Lokalmat-kjøkkenet vil vi formidle matglede, matkunnskap og inspirere til bruk av lokalmat gjennom aktivitetar med gjestekokkar og prisvinnarar.  

Årets matprodukt

Kvart år er det kåring av årets matprodukt. Prisen skal inspirere til kreativitet innan produktutvikling basera på lokale råvarer og tradisjonar. Vinnaren får ein pengepremie, omtale på våre digitale flater og diplom, i tillegg til gratis standplass i Lokalmat-teltet på Dyrsku'n 2020. 

Landbrukshallen

Presentasjon av matprodukt frå samvirkebedriftene Tine, Nortura og Prior.

Møt landbruket - teltet

Debatt- og foredragsarena med aktuelle tema innan mat og landbruk