Det skal vere mogleg med sprøyteroboten Asterix som blei vist fram på Dyrsku’n fredag.
Det er firmaet Adigo AS på Langhus som har utvikla roboten der dei brukar avansert teknologi. Når han køyrer over eit jorde med grønsaker kan han sjå forskjell på jord, nytteplanter og ugras.
Asterix har ei rekke kamera montert både under og i fronten. Bilde frå desse blir tolka på under eit sekund og styrer fordelinga av sprøytevæske, forklarar Magnus Vallestad som har vore med og utvikla roboten.
Ved tolking av bilda blir fyrst område med jord plukka ut sidan den ikkje treng sprøytast. Den avanserte datamaskinen under lokket har gjennom tusenvis av eksempel lært seg kva som er ei gulrotplante og kva som ikkje er det gjennom å sjå på form og farge.
Den batteridrivne roboten har med seg ein tank med sprøytevæske som bonden har blanda klar. Oppdagar Asterix ei plante som ikkje skal vere der, kjem det ein liten dusj med ugrasmiddel.
Ein kan mest samanlikne det med pikslar i eit digitalt bilde. Roboten plukkar bare ut små område som blir sprøyta. Dermed kan vi redusere forbruket med heile 95 prosent, seier Magnus Vallestad.
Pilotserien som no er utvikla greier å sprøyte seks dekar i timen. Når tanken er tom, kjem han tilbake til start for å få påfyll og lading. Men planen er å lage også ein breiare robot med større kapasitet.
I år har robotane vore testa ut hos nokre dyrkarar av kålrot, gulrot og raudbete. Neste år skal endå fleire teste ut Asterix før han etter planen også lanseres for Europa i 2019.