Superkvigene er spesielt utvald av Geno for å avlast på, fortel Sigbjørn Haslemo, husdyransvarleg og tidlegare rådgjevar i Tine. «Dette er kremen av kremen av NRF-kviger, så no har du sjansen til å sikre deg det beste», seier han.
Hentar ut egg til avl
«Geno har kjøpt og henta ut egg frå desse superkvigene og laga embryo av dei. Når Geno har tatt ut så mange egg dei ynskjer, sel dei kviga, vanlegvis tilbake til eigaren», seier han. Nokre gonger vil ikkje bonden kjøpe att kua. Det er høve med dei fire superkvigene som skal auksjonerast bort på Dyrsku’n.
Ferdig bedekt
Kvigene er no ferdig bedekt av ein nøye utvald okse og skal tilbake til mjølkeproduksjon. «Vi vil syne fram kvifor avlsarbeid er så viktig. For at flest mogleg skal komme og sjå – og by, legg vi auksjonen til rett etter opningsprogrammet på fredagen», seier Haslemo. «Så er det berre å satse på at kviga får ein kvigekalv og produserer godt med mjølk».
Velkommen i Husdyrhallen fredag 13. september kl. 16.15