Bård delte ut Dyrskuprisen

Komikaren Bård Tufte Johansen fekk æra av å dele ut Dyrskuprisen under ku- og geiteustillinga fredag.

08.09.2017

Prisen gjekk til ku nr. 548 frå Kurompa Samdrift i Bø i Telemark.

Foto: Silje Hegnastykket mønstra kua frå Kurompa samdrift som fekk Dyrskuprisen av Bård Tufte Johansen.

36 kyr og 24 geiter blei vist fram under døminga. I tillegg var det 17 deltakarar på kalvemønstringa, 9 i kumønstring for ungdom og 9 i ungdomsmønstring for geit.

–  Bare 35 kyr er halvparten av det normale, men grunnen er at mange ikkje får lov til å stille på grunn av sjukdomen BRSV/BCOV. Det er ein smittsom diaré og hoste-sjukdom som vi ikkje ville spre. Derfor er det bare såkalla «grøne bestningar» som får lov å stille i år, seier utstillingsansvarleg Njål Vestøl.

Han var også nøgd med å få friska opp prisutdelinga med ein komikar. Bård Tufte Johansen tok poenga fort og forstod kva domarane ser etter. Han gjennomførte med stil, meiner Vestøl.

Slik blei resultata:

Kalvemønstring under 10 år:

1. Eirik Bergland Mælandsmo
2. Astrid Hvistendahl
3. Olav Mæland

Kalvemønstring over 10 år:

1. Kristine Bergland Mælandsmo
2. Luna M. Dalviken
3. Mona Tjønnemark

Kumønstring for ungdom over 13 år:

1. Anna Kristine Aarsland
2. Marie Hognestad Brådli
3. Magnus Aarsland

– Beste NRF-ku: Kunr. 548 frå Kurompa Samdrift i Bø. Mønstrer Silje Hegnastykket
– Beste Telemarksku – tildelt Dyrsku’bjølla og Gro og Hølje Brekkas Vandrepremie blei kunr. 245 Lauvros frå Torfinn Knutsen
– Beste ungku – Telemark blei kunr. 236 Liti Gull fra Gunnar Haugo
– Dyrskuprisen for ku blei tildelt kunr. 548 fra Kurompa Samdrift, mønstrer Silje Hegnastykket

Ungdomsmønstring – geit:

– Knut Hauge og Edvard Eilertsen
– Ekstrapremie til Sakarias Veslestaul og Jon Hauge
– Beste geit og tildelt Seljordsprisen 2017 blei geit nr 6147 Marigull frå Hege Gonsholt og Jon Olav Hauge
– Vandrepremie frå produsentlaget for den 1. premiegeita med høgast poengsum når vi tar med avlsverdi blei tildelt geitnr. 6056 Fineline frå Gunnar Haugo og Yvonn Minde

Foto: Seljordprisen blei delt ut av ordførar Halfdan Haugan til geita frå Hege Gonsholt og Jon Olav Hauge.