Premien er eit diplom av kunstnaren Borghild Telnes – Firingan Kalligrafi og ein sjekk på kr 5.000,-
Kriteria som ligg til grunn for valet er
– Funksjon/tilgang
– Korleis varene vert presentera
– Korleis utstillar møter kunden
– Om det er ryddig, innbydande osb.
– Inspirasjon for publikum og andre utstillarar
Juryen har valt ut tre verdige kandidatar innan kategorien. Det er ein krevjande jobb å lage til ei presentabel utstilling der publikum får ei fin oversikt over produkt og som kan vere til inspirasjon for kunden.
Vi meiner at vinnaren har fått til ein svært innbydande stand med akkurat passeleg med produkt. Det er interiør og blomar i fine fargar og standen har god tilgang, er ryddig og innbydande og publikum blir møtt med hyggelege tilsette. Standen er oversiktlige og ryddig.
Vinnaren av Beste stand på Dyrsku’n 2017 er:
Hagesenteret Høns’n Roses – stand C312