Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Beste stand Dyrsku’n 2019

Prisen for beste stand går i år til kategorien mat/husflid/handverk.

Premien er eit diplom av kunstnaren Borghild Telnes – Firingan Kalligrafi og ein sjekk på kr. 5000,-

13.09.2019
Beste stand Ringsaker kommune

Kriteria som ligg til grunn for valet er:

• Funksjon/tilgang
• Korleis varene vert presentera
• Korleis utstillar møter kunden
• Om det er ryddig, innbydande osb.
• Inspirasjon for publikum og andre utstillarar

 

Ein jury har vurdert standar i nemde kategoriar, og det er nokre kandidatar som skil seg ut. Vi ser at vinnaren har lagt ned mykje arbeid i både standutforming og produkt og resultatet er etter juryens meining ein svært tiltalande stand.

Vi veit at det er ein krevjande jobb å lage til ei presentabel utstilling, der publikum både får ei fin oversikt over produkta og kan vere til inspirasjon for kundene.

Vi meiner at vinnaren har fått til ein fantastisk fin stand med flotte lokalmatprodukt. Standen har god tilgang, den «bugnar» av mykje forskjellige produkt, men er likevel oversiktleg og ryddig. I tillegg blir publikum møtt med hyggelege tilsette.

 

Vinnaren av Beste stand på Dyrsku’n 2019 er Ringsaker kommune med sin stand i Lokalmat-teltet Mat 36

Gratulerer!